Kontaktinformasjon SFO Naustdal skule
SFO-leiar: May Helen Kjørsvik Vatne
Opningstider SFO
Opningstida er frå klokka 07.00 til skulestart, og frå skuleslutt til klokka 16.30.
Unntak frå opningstida er fem planleggingsdagar for personalet i løpet av året. SFO er stengt julafta og nyttårsafta. Onsdag før skjærtorsdag stenger SFO klokka 12.00.
Påmelding til SFO
Legg inn søknad i kommunen sitt skuleadministrative system:
Søk om SFO-plass
Informasjon om sfo-tilbod og prisar
Dersom du seinare ynskjer å endre tilbodet gjer du dette på same innloggingsplass som du søkte om plass.
Påmeldingsfrist
- 1. april for nye søkarar, men det er mogleg å søke heile året.
Påmelding til SFO i feriar
Barn som skal vere på SFO i feriar (haustferie, juleferie, vinterferie og påskeferie) må melde seg på. Det vert sendt ut påmeldingsskjema før kvar ferie.
Hugs at du må melde deg på særskilt om du ynskjer sommarferietilbodet kvart år. Fristen er 1. mai.
Oppseiing av SFO-tilbod
Oppseiingsfristen er éin månad frå den 1. i komande månad.
Du må logge deg inn via Visma Flyt Skule, for å seie opp plassen.
Det er ikkje høve til å seie opp eller redusere tilbodet for barnet etter 31. mars.
Ved byte til eit mindre tilbod gjeld òg oppseiingsfristen på éin månad. Ved byte til større tilbod kan endring gjelde straks dersom det er plass.
Endre eller sei opp plass i Visma Flyt skule
Vedtekter SFO