Førde barneskule SFO

SFO er eit tilbod for barn i 1. – 4. klasse og for barn med særskilte behov i 5. – 7. klasse. Målet for SFO er forankra i rammeplanen for SFO og vedtektene for SFO i Sunnfjord kommune.

Kontaktinformasjon Førde barneskule SFO

SFO-leiar Monica Flaten

Opningstider Førde barneskule SFO

Frå klokka 07.00 – 09.00 og frå skuleslutt til  klokka 16.30.

Planleggingsdagar 

 

Påmelding til SFO

Sunnfjord kommune har elektronisk påmelding til SFO. Du søker via Visma flyt skole Sunnfjord.  Hovudsøknadsfristen er 1. april, men det er mogleg å søke om plass heile året.

Det er vedtatt at 1. klasse får 12 timar gratis SFO frå hausten 2022. På tilboda med meir enn 12 timar SFO er prisen redusert for dei som går i 1. klasse. SFO betaling: Har du låg inntekt kan søke om å få lågare pris. 

Søk om SFO-plass 

I tillegg må du fylle ut eit påmeldingsskjema til SFO Førde barneskule.

Informasjon om sfo-tilbod og prisar

Oppseiing av SFO-tilbod

Oppseiingsfristen er ein månad. Du må logge inn via Visma Flyt Skule for å seie opp plassen. Seier du opp før den 1. i månaden, vil oppseiinga gjelde frå den 1. i påfølgande månad. Det er ikkje høve til å seie opp eller redusere tilbodet for barnet etter 31. mars. 

Ved byte til eit mindre tilbod gjeld òg oppseiingsfristen på ein månad. Ved byte til større tilbod kan endring gjelde straks dersom det er plass.

Påmelding til SFO i feriar

I feriane, inklusiv sommarferien har borna våre tilbod på Slåtten skule SFO. Det vil vere med personale frå Førde barneskule i feriane. SFO har stengt fire veker i juli. Barn som skal vere på SFO i feriar (haustferie, juleferie, vinterferie og påskeferie) må melde seg på. I forkant av feriane blir det sendt ut påmeldingsskjema i Visma.

Sommarferie-tilbodet er eit eige tilbod og er difor ikkje ein del av A-tilbodet. Frist for påmelding er 1. mai.

Om SFO på Førde barneskule

Barna skal møte det same verdisynet og dei same grunnhaldningane i SFO som på skulen for øvrig. Visjon for Førde barneskule SFO: ”Ein god SFO for alle”. SFO er barna si fritid.

SFO på Førde barneskule er organisert i 2 basar. Bikuba er for dei som går i 1. og 2. klasse og Edderkoppen for dei som går i 3. og 4. klasse. Vi skal jobbe for heilskap og samanheng mellom skule og fritidsdel.

Mål for SFO ved Førde barneskule:

  • Barna skal trivast på SFO. 
  • Barna skal oppleve at dei er ein del av eit fellesskap, at vi er ein inkluderande SFO. 
  • Barna skal møte tydelege og rause vaksne som har klar forventningar til korleis vi skal vere mot kvarandre. 
  • SFO skal støtte opp under verdiar og handlingar som fremjar ei berekraftig utvikling. 
  • Barna skal ha medverknad og kunne vere med å påverke innhaldet på SFO. 
  • Det blir lagt til rette for frileik.
  • Vi har eit variert aktivitetstilbod. 
  • Det skal vere god informasjon og dialog med føresette.

Barna skal oppleve at det er godt å vere på SFO. Vi har fokus på at dei skal trivst. Vi ynskjer at alle skal føle seg sett, ivaretatt og inkluderte. Dei vaksne skal støtte og rettleie i det sosiale samspelet. Vere ein autoritativ vaksen, tydeleg og omsorgsfull. Vi vil at barna skal lukkast og gi dei strategiar for korleis dei kan takle motgang og løyse konfliktar. På vår SFO skal alle oppleve å høyre til og vere ein del av eit fellesskap. Vi har fokus på aktivitetar og arrangement som er med å fremje VI-kjensla. SFO året er delt inn i 6 ulike periodar. I kvar periode har vi ulike markeringar basevis eller felles for heile SFO.

Årspan og vedtekter

Kontakt

Monica Flaten
E-post
Telefon 57 72 10 86
Mobil 95 70 66 57

Opningstider

07.15–09.00 og frå skuleslutt til 16.15

Adresse

Besøksadresse:
Elstervegen 1
6800 Førde

Postadresse:
Førde barneskule
Postboks 338
6802 Førde