Skulestart 2023

Måndag 21. august ønskjer vi 234 elevar velkommen til nytt skuleår ved Flatene skule.

Elevane på andre til femte årssteg startar som vanleg kl. 09.00. Dei møter ved grana utanfor mediateket og blir oppropt klassevis og går til klassenrommet saman med kontaktlæraren.

Første årssteg startar kl. 10.00 - også dei ved den store grana. Der vil elevane bli oppropt og gå saman med kontaktlærar til klasserommet. Hugs å ta med matpakke og drikke til matpausen, utekle til friminutt og innesko. Føresette kan vere i klasserommet i starten på dagen, eller lenger om ein treng det. Det blir eit kort informasjonsmøte frå SFO til føresette, rundt klokka 11. Skuledagen er slutt kl 13.30.