Framdriftsplan

Kvalitet og kapasitet i Sunnfjordskulen

Mars 2023

Vedtak i kommunestyret

I samband med handsaming av sak om bruk av bygget som husa tidlegare Hafstad vidaregåande skule, sak 23/45, gjorde kommunestyret 23.03.2023 følgjande vedtak:

Kommunedirektøren vert beden om å arbeide vidare med ei sak om skulestrukturen og legge den fram innan utgangen av 2023.

Folkemøte illustrasjon - Klikk for stort bilete Gregory Idehen

 

November 2023

Vedtak i formannskapet

Det var lagt fram ei orientering om korleis kommuneadministrasjonen såg føre seg å følgje opp vedtaket frå kommunestyret. Formannskapet gjorde følgjande vedtak:

1. Administrasjonen held fram med analysearbeidet som presentert. Faktagrunnlaget må utarbeidast på ein slik måte at det er lett å oppdatere med nye talgrunnlag.

2. Vidare prosess vert å ta stilling til når faktagrunnlaget ligg føre.

Desember 2023

Status og utfordringsbilete

Prosjektgruppa jobbar med å beskrive følgjande nøkkelområde:

  • Elevtal (historisk og aggregert)
  • Teknisk standard skulebygg
  • Folketalsutvikling
  • Tenesteanalyse
  • Resursanalyse og økonomi
  • Personale og rekruttering
  • Elevmiljø
  • Skulebidrag
Januar 2023

Innspelsrunde

Prosjektgruppa reiser ut til alle skular. Der gjennomfører ein møter med tilsette og skuleleiing. Deretter har ein møter med FAU.

I møtet legg vi fram ei tenesteanalyse for skulesektoren, og syner framskrivingar av folketalet i kommunen. Deretter nyttar vi ein intervjuguide med drøftingar knytta til pedagogiske- og organisasjonsmessige forhold, samt skulens betydning for lokalsamfunnet. 

Innspela blir ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget og sikrar medverknad frå involverte partar.

Gruppe med mennesker samla rundt eit bord. - Klikk for stort bilete Gregory Idehen

 

17. April 2024

Legge fram kunnskapsgrunnlag i Utval for oppvekst og kultur

Kommuneadministrasjonen legg fram eit grundig kunnskapsgrunnlag. Grunnlaget skildrar

  • Kvalitet
  • Organisering
  • Nøkkeltal per skule
  • Framskriving (økonomi, elevtal, rekruttering og kapasitet)
  • Utvikling i finansielle nøkkeltal

Kunnskapsgrunnlaget skal gi dei folkevalde eit godt grunnlag til å gjere vurderingar for vegen vidare.

Folkemøte illustrasjon - Klikk for stort bilete Gregory Idehen
17.04.2024

Legge fram kunnskapsgrunnlaget i Formannskapet

Kommuneadministrasjonen legg fram eit grundig kunnskapsgrunnlag. Grunnlaget skildrar

  • Kvalitet
  • Organisering
  • Nøkkeltal per skule
  • Framskriving (økonomi, elevtal, rekruttering og kapasitet)
  • Utvikling i finansielle nøkkeltal

Kunnskapsgrunnlaget skal gi dei folkevalde eit godt grunnlag til å gjere vurderingar for vegen vidare.

 

Illustrasjon av rådhuset i Førde - Klikk for stort bileteIllustrasjon: Gregory Idehen
19.04.2024