Kommunestyret har gjort vedtak om skulesektoren som fører til endringar ved fleire av skulane i kommunen.
27. mars 2025 gjorde kommunestyret følgjande vedtak omhandlande skulesektoren i Sunnfjord kommune, som ei avslutning på prosjektet «Kvalitet og kapasitet i Sunnfjordskulen»:
Følgjande endringar i skulestrukturen blir gjennomført i Sunnfjord kommune:
- Vassenden skule vert samla i eitt skulebygg, frå hausten 2026.
- Ungdomstrinnet ved Halbrend skule blir slått saman med Førde ungdomsskule, til ein felles ungdomsskule på Hafstad. Det skal lagast ein plan for overgangen til ny felles ungdomsskule, der representantar frå dei to skulane skal vere med i utarbeidinga. Planen skal leggast fram for politisk behandling i god tid før handsaming av årsbudsjett for 2026.
- Førde barneskule blir flytta til FUSK-bygget når bygget er klargjort for barneskule
- Elevane ved Flatene skule blir flytta til Halbrend skule, som blir ein skule med elevar frå 1.-7. trinn, når bygget er klargjort for barneskule.
- Ungdomstrinnet ved Viksdalen skule blir flytta til Sande skule frå skulestart 2029, med forutsetning av at Sande skule er ferdig ombygd. Dersom skulen får ei elevtalsutvikling som gjev grunnlag for ein berekraftig ungdomsskule, skal saka vurderast på nytt.
- Kommunestyret ber om å få ei utgreiing av oppveksttun på Viksdalen skule og Sunde skule.
- Vaksenopplæring og integrering skal lokaliserast i kommunalt bygg.
Det samla ressursnivået i skulen blir redusert med 6,5 millionar kroner i tillegg til reduksjonen på 35 millionar kroner som føl av elevtalsnedgangen.
Det skal utarbeidast ein plan for gjennomføring av kvart tiltak. Planen skal ivareta elevar, foreldre og tilsette i arbeidet med nedlegging, overføring og samanslåing av skular. For tilsette blir det utarbeid ein bemanningsplan saman med tillitsvalde og verneombod.
Kommunestyret behandla 6. november ei samla sak om investering i skulebygg for Sande skule, ny ungdomsskule på Hafstad, Halbrend skule og arbeidet med Vassenden skule.
1. Sande skule blir bygd etter dei planane og kostnadane som føreligg, med byggestart i februar 2026
2. Ny felles ungdomsskule blir ombygd etter dei planane og kostnadane som føreligg
a. Skulen skal vere klar til skulestart i 2026
b. Det vert tilsett rektor ved den nye felles ungdomsskulen så snart som råd for å sikre gode prosessar og involvering av tilsette, elevar, FAU og andre involverte partar
c. Ramma til uteområdet ved Hafstad ungdomsskule vert utvida med kr. 500.000. Auke i eigenandel vil utløyse spelemidlar til første byggesteg og deler av andre byggesteg, som då kan ferdigstillast. Ferdigstilling av uteområdet på Hafstad skal innarbeidast i økonomiplanen for 2026-2030
3. Halbrend skule blir oppgradert med SFO og uteområde tilpassa ein barneskule frå skulestart 2026, under føresetnad av at ungdomstrinna har flytta
4. Ungdomstrinnet og barnetrinnet ved Vassenden skule blir samla til ein kombinert skule i barneskulebygget frå skulestart 2026
5. Elevråda og elevane må vere tett kopla på i den vidare prosessen og få høve til å kome med innspel. Det er viktig å sikre ein god og trygg overgang. Det forutset tidleg og klar informasjon til elevar, foreldre og tilsette om kva som skal skje
6. Tiltaka blir finansiert innafor ramma på 270 millionar kroner som er sett av i økonomiplanen til skuleformål. Justeringar mellom tiltaka blir ein del av arbeidet med økonomiplanen for 2026-2030
7. Kommunedirektøren får fullmakt til å disponere midlar mellom tiltaka ved behov for justeringar. Formannsskapet og Utval for oppvekst og kultur skal haldast orientert om framgangen i prosessen i kvart møte. Formannsskapet skal haldast orientert om den økonomiske situasjonen for dei ulike tiltaka.
Administrasjonen har sett i gong fleire prosjekt som eit resultat av dette:
Ny felles ungdomsskule på Hafstad. Ungdomstrinnet på Halbrend vert slått saman med Førde ungdomsskule i det som var Hafstad vidaregåande skule.
Flytte elvane frå Flatene skule til Halbrend skule, slik at Halbrend samlar 1.-7.trinn i denne krinsen..
Samle Vassenden skule i eitt skulebygg.