Føring av fråværI samband med arbeidet for å få ned tal elevar med fråvær i Sunnfjordskulen er det viktig at ein er trygg på korleis ein skal registrere fråvær. Også gyldig fråvær der elevar har vedtak om redusert skuledag skal førast. Fråvær der eleven er tilstades på skulen men ikkje i undervisning skal førast som undervisningsfråvær .Ein nyttar Visma Flyt Skole til fråværsføring. Du kan lese meir om Visma Flyt Skole her.God fråværsføring gjev oss som jobbar med borna moglegheit til å identifisere uro, førebygge og følgje opp elevar som er i faresona. Melding ved sjukdomVed sjukdom som influensa, forkjøling, feber, omgangssjuke, alt som vanlegvis medfører eit fråvær på alt frå 1-2 dagar til 8-10 dagar. GravferdEin melder om at ein skal i gravferd, som gir gyldig fråvær. TannlegeEin kan melde om tannlege når ein har timar hos vanleg tannlege og tannpleiar. Sjukehus/spesialistGjeld opphald på sjukehus i samband med t.d. utgreiingar, operasjonar og førebuing til slike, vanlege timar i spesialisthelsetenesta, t.d. BUP, kjeveortoped (t.d. i samband med regulering), men og timar hos PPT, fysioterapeut og andre spesialiserte tenester- der det føreligg dokumentasjon på time og behov. Uavklart fråvær (Under oppfølging)Dersom ein ikkje greier å fastslå årsak til fråværet, eller i tilfeller der eleven er under utgreiing i helsevesenet og/eller ppt, og ein mistenkjer at fråværet er knytt til årsakene for utgreiinga, skal fråværet førast her. Skulen skal umiddelbart ta kontakt med heimen dersom føresette legg inn dette som årsak til fråvær.Vert fråværet langvarig utan at ein greier å finne fram til forklaring skal føringa flyttast til «ufrivilleg skulefråvær». “Uavklart fråvær” er såleis ei midlertidig løysing og skal berre bli brukt i ein overgangsperiode. Ufrivilleg skulefråværI saker der det er etablert fråværsproblematikk skal fråværet førast her. Det kan vere langvarig fysisk (t.d. ME) og psykisk (t.d. angst) sjukdom, samt fråvær der eleven seier dei ikkje greier å gå på skulen (t.d. mobbing, ADHD/AS/Tourette, manglande trivsel og/eller meistring, osb.) Skule-heim samarbeid skal vere etablert og ha fokus på trygging og meistring. Førsette og skule har her høve til å gjere avtaler om at fråværet vert ført samla t.d. ein gong i veka for å minske påkjenninga på føresette. Lærar kan etter avtale føre fråværet for føresette, avtalen skal ligge i elevmappe/stafettlogg.Fråvær frå enkelttimar/undervisningElevar som møter på skulen, men har udokumentert fråvær i enkelttimar i løpet av skuledagen. Kva er gyldig fråvær?Gyldig fråvær er fråvær som kan dokumenterast av/med:føresettehelsevesensøkte og innvilga permisjonar, t.d. i samband med deltaking i nasjonale/internasjonale stemne/arr. i regi av politikk/kultur/idrett og/eller møte/arr. i samband med verv Barnet mitt skal delta i NM. Kan barnet få permisjon?Barnet mitt er invitert med på treningssamling og treng fri i to dagar. Kan eg få permisjon?Kva er ugyldig fråvær?Ugyldig fråvær er fråvær som ikkje er dokumentert eller fråvær der søknad om permisjon er avslått. Når skal vi melde inn fråvær?Fråvær skal meldast inn i Visma Flyt Skole snarast. Planlagt fråvær meldast så snart ein veit om det (tannlege, gravferd eller liknande). Føresette opprettar dialog med kontaktlærar dersom fråværet vert langvarig.Føresett skal melde inn fråvær kvar dag. Skulen tek kontakt med heimen same dag, dersom elevar ikkje møter på skulen utan at det er meldt inn. Velferdspermisjon søker ein om på førehand.Kva skjer om vi ikkje melder inn fråvær?Fråvær som ikkje vert meldt inn vert ført som ugyldig fråvær. Kontaktlærar tek kontakt med heimen same dag, dersom elevar ikkje møter på skulen eller til undervisning utan at det er meldt inn. Dersom eleven er vekke i enkelttimar i løpet av dagen utan at det er meldt frå vil lærar snakke med eleven ved første høve, samt ta kontakt med heimen.Kontaktlærar vil endre ugyldig fråvær til gyldig ved godkjend dokumentasjon.Kontaktlærar tek umiddelbart kontakt med heimen dersomDet er nytta "Uavklart fråvær". Eleven har udokumentert fråvær frå enkelttime/enkeltdag.Skulen oppdagar eit mønster i fråværet uavhengig om det er gyldig eller ugyldig. Til dømes ved faste dagar/timar i veka, fag, lærarar, aktivitetar.Eleven har meir enn to forseintkoming til timar over ei veke. Vi kan oppleve dette som vel detaljert då det for dei aller fleste elevar er snakk om heilt vanleg sjukdom, legetimar og liknande. Det er i denne fasen vi kan fange opp dei som står i fare for å utvikle meir alvorleg fråvær. Merk at kontakt med heimen ikkje automatisk betyr at ein er redd for auka fråvær, men vi lyt starte før vi er uroa for å fange opp dei elevane som er i startgropa. Har ein same rutinar overalt vil det og trygge elevar og føresette. Sist endra 24.02.2026 09.54