Permisjon frå undervisninga

Føresette kan søke om at barnet deira får permisjon frå den pliktige undervisninga i inntil to veker. Vil du som føresett ta barnet ut av skulen utover to veker, må du melde eleven ut av skulen. 

Slik søker du 

Du søker via Visma Flyt Skule om permisjon frå undervisninga. Som føresett kan du logge inn med ID-porten (BankID, MinID, Commfides eller Buypass).

Søk om permisjon frå undervisninga

Søknadsfrist for skulefri inntil to veker

Søknadsfristen er normalt seks veker før fritaket startar, om ikkje anna er avtalt med skulen. 

Reglar for skulefri inntil to veker

Det er rektor på skulen som avgjer søknaden om permisjon. Permisjonen må vere fagleg forsvarleg og dei føresette må syte for at barna får nødvendig undervisning i permisjonstida. Barna skal altså kunne følgje med i undervisninga på vanleg måte når dei kjem tilbake.

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere vekke frå skulen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. 

Høve til å få permisjon er heimla i opplæringslova § 2.11

Reglar for skulefri utover to veker

Kommunen har ikkje tilgang til å gi permisjon utover 2 veker (10 skuledagar). Dersom føresette vil ta eit barn ut av skulen i meir enn to veker, skal dei melde eleven ut av grunnskulen i det aktuelle tidsrommet. Eleven har framleis ei plikt til grunnskuleopplæring i utmeldingsperioden, og det er føresette som har ansvar for å oppfylle den plikta i perioden etter lov og forskrift. 

Melding om skulefri utover to veker

Dei føresette melder i frå via eDialog eller per brev til Sunnfjord kommune, postboks 338, 6802 Førde.

Fristen er normalt åtte veker før utmeldinga startar, om ikkje anna er avtalt med skulen.

Ulovleg fråvær

Dersom føresette held barnet vekke frå skulen lenger enn den tida dei har fått innvilga gjennom søknad om permisjon, vert dette rekna som ulovleg fråvær, jfr. opplæringslova § 2-1 siste avsnitt. 

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
Telefon 57 72 20 00

Send sikker post og brev elektronisk via eDialog

Send e-post til postmottak@sunnfjord.kommune.no