Modell for tidleg innsats, tilpassa opplæring og spesialpedagogikk
Handbok i tidleg innsats, tilpassa opplæring og spesialpedagogikk
Handboka til Sunnfjord kommune er for heile oppvekstløpet, 0-16 år. I Handboka skal du finne informasjon om korleis kommunen skal arbeide for å styrke tidleg innsats og tilpassa opplæring og arbeide med spesialpedagogisk hjelp, tilrettelegging og spesialundervisning. Du skal finne informasjon om kva rolle dei ulike aktørane i kommunen har, kva system kommunen har frå vi blir bekymra for eit barn/elev til tiltak blir sett i gang.
Målet til Sunnfjord kommune er å styrke tidleg innsats og tilpassa opplæring slik at færre barn/elevar har bruk for tiltak etter spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning.