Kvalitet og kapasitet i Sunnfjordbarnehagen

Den demografiske utviklinga utfordrar drifta i barnehagesektoren. Samla skal barnehagesektoren ha ei omstilling og innsparing på 62,8 MNOK. Barnehagesektoren er i ein prosess der vi har utarbeida kunnskapsgrunnlag, utarbeide tiltak som kan redusere drifta, som har vore på høyring, og legge fram sak til politisk behandling i mars 2025.

Dette skjer no

 

Vurdering av strukturgrep for å innfri innsparing- og omstillingskrav i sektoren og kunnskapsgrunnlaget

 

Teneste med god kvalitet

  • Foleldreundersøkinga viser at foreldre er fornøgd med tilbodet dei får i kommunale barnehagar. I ein skala frå 1-5 ligg resultatet samla for dei kommunale barnehagane mellom 4,2 til 4,8. Vi får lågast skår på ute- og innemiljø og medverknad, og høgast skår på barnet sin trivsel og barnet si utvikling. 

    Sunnfjord kommune ligg samla sett innanfor krava i lovverket både i forhold til bemanningsnorm og pedagognorm. For bemanningsnorma er det 5,5 barn per vaksen i barnehagen og for pedagognorma er det 12,2 barn per pedagog i 2023.

  • Tre babyar leikar illustrasjon Foto Gregory Idehen - Klikk for stort bilete

 

Artikkelliste