Framskriving 2024-2050
![Framskriving av barnetalet i Sunnfjord kommune i aldersgruppa 1-5 år 2024-2050. Foto Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete](/handlers/bv.ashx/ib3f29628-048e-49a0-9bb5-3735c915c370/w1200/q23151/k36d80c74daff/framskriving-i-aldersgruppa-1-5-ar-2024-2050.png)
SSB 13600: Framskrevet folkemengde 1. januar, etter region, alder, år og statistikkvariabel middels vekst.
I 2023 er det 1 232 barn som går i barnehage i kommunen. Dei er fordelt på 27 barnehagar, der 19 er kommunale og 8 er private.
Barnetalet i alderen 1-5 år hadde sitt toppår i 2014 i Sunnfjord kommune, då var det 1 399 barn som gjekk i barnehagen. Sidan 2014 har det vore ein jamn nedgang i barnetalet og den vil fortsette i åra framover slik framskrivingane er for aldersgruppa. Frå 2014 og fram til 2023 er det blitt 167 færre barn i barnehagen.
Framskrivinga av tal fødte barn i Sunnfjord kommune er det eit gjennomsnitt på 228 barn per år i perioden 2024-2050 med middels vekst. I 2023 blei det født 218 barn i Sunnfjord kommune som er noko lågare enn framskrivingane i åra framover.
Framskriving av tal fødte barn i Sunnfjord kommune 2024-2050
![Illustrasjonen viser framskriving av tal fødte i Sunnfjord kommune 2024-2050. Foto Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete](/handlers/bv.ashx/i56ac1332-a936-4b8d-ada1-f129da2736e6/w1200/q23169/kb3bd0e9c050a/framskriving-av-tal-fodte-barn-2024-2050.png)
SSB 13605: Framskrevne befolkningsendringer, etter region, alternativ, år og statistikkvariabel, middels vekst.