Bytteklede inne i tørrgarderoben:
- Bukse
- Genser
- Strømpebukse / stillongs
- Ull-undertøy eller liknande når det vert kaldt ute.
- Body / t-skjorte + truse
- Sokkar
- Tjukke sokkar
- Tøflar / innesko
Ute i våtgarderoben:
- Dress som passar til årstida
- Regnklede
- Ull og fleece til å ha under dress\regnkleda
- Støvlar og gode sko
- Hue (gjerne ei tynn og ei tjukkare)
- Vottar (regnvottar og vanlege vottar)
Inne på badet for dei som brukar bleie:
- Bleier med opning i sidene (ikkje UP&GO)
- Våt- eller tørrserviettar
- Sinksalve eller liknande
For dei som søv i barnehagen:
- Vogn til å sove i
- Myggnett
- Teppe / pose til vogna
- Smokk og/eller kos om barnet brukar
Vi sender med våte og skitne klede heim. Hugs å erstatt desse med reine klede neste dag. Dykk bør sjølve sjekke med jamne mellomrom om nokon av ytterkleda er veldig skitne eller våte for å ta dei med heim til vask eller tørk. Vi har ikkje tørkeskåp i barnehagen og kleda tørkar veldig seint om dei vert hengande gjennomvåte i yttergarderoben.
Den siste fredagen kvar månad skal de tømme hyllene for alle klede slik at reinhaldaren kan vaske!
Når det nærmar seg tomt for bleier eller serviettar heng personalet opp lappar på plassane i tørrgarderoben.