Pris og betaling for barnehageplassPrisar for barnehageplass i Sunnfjord kommune Foreldrebetalinga er månadleg i 11 månader. August er betalingsfri månad. Prisar for barnehageplass Sunnfjord kommune har frå 1. januar 2023 innført gebyr på for seint henta barn. Gebyret er på kr 325 pr gang. Søskenmoderasjon 30 % for barn nummer to og 50 % for tredje barn og fleire. Frå 1. august 2023 vil ein barnehageplass for barn nummer 3 vere gratis. Dette gjeld også for familiar med fleire enn 3 barn. Har du låg inntekt kan du søke om redusert betaling Det er 2 moderasjonsordningar for familiar eller hushaldningar med låg inntekt, men du brukar same søknadsskjema. Redusert foreldrebetaling Hushaldningar som har ei samla person- og kapitalinntekt som er lågare enn 550 000 kroner per år kan søke om redusert foreldrebetaling. Gratis kjernetid: Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar, som bur i hushaldningar med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Frå 1. januar 2023 er denne inntektsgrensa sett til 598 825 kroner. Her finn du meir informasjon om gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling. Frist for å søke om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid er innan 1. august viss det skal gjelde frå nytt barnehageår. Dette er nytt av i år. Her kan du søke om redusert foreldrebetaling Får du søknaden om lågare pris godkjent gjeld det for eitt barnehageår om gongen. Du må difor søke på nytt kvart barnehageår. Får du søknaden om lågare pris godkjent, gjeld det frå månaden etter du har sendt søknaden. Ring 57 72 20 00 om du har spørsmål. Du kan klage om du ikkje får redusert pris Du har rett til å klage. Klagefristen er tre veker etter at du har fått vedtaket. Ei eventuell klage må vere skriftleg. Du sender klagen til Sunnfjord kommune, postboks 338, 6802 Førde. Klageutvalet er klageinstans. Forskrift og vedtekter Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar Vedtekter for kommunale barnehagar i Sunnfjord kommune (PDF, 115 kB) Sist endra 25.04.2023 13.46