Frode Laks

I dag har førskulegruppa fått helse på Frode Laks, han skal vi treffe igjen fleire gonger fram mot sommaren. Frode Laks er nemleg ein dei kjem til å møte igjen på skulen. Han er med å skape ei kulturell bru mellom barnehage og skule, og er eit av overgangsobjekta som skal følge dei frå barnehagen og inn i skulen. Utvalet av overgangsobjekt er gjort i samarbeid med representantar frå skule, barnehage, SFO, kulturskule og bibliotek. 

Frode Laks - bag med diverse songar, leikar og reglar. - Klikk for stort bileteBilete av Frode Laks.​​​​​​ Sunnfjord kommune

Det er til saman 7 overgangsobjekt som er med i bagen til Frode Laks. 

  • Frode Laks, og historia hans. 
  • Oppen Poppen, ei elle regle. 
  • Pusekatten, ein tradisjonell song som fins i fleire former rundt omkring i landet. 
  • Per sjuspring, songleik og dans. 
  • Pølsetjuven, bok. 
  • Pannekaka, eventyret om pannekaka. 
  • Hermetikkboks, spark på boks, aktivitet.

Desse sju overgangsobjekta skal bidra til å bygge ein trygg samanheng og ei bru for barna mellom barnehage og skule. Alle desse overgangsobjekta skal førskulebarna bli kjende med, slik at når skulen tek desse opp att, er dei godt kjende blant alle barna. Dette skapar tryggheit, samkjensle og identitet.

Samlingsstund der vi møter Frode Laks for første gang. - Klikk for stort bileteRollespel med Frode Laks Sunnfjord kommune Frode laks syner seg for barna. - Klikk for stort bilete Sunnfjord Kommune