Eventyret om skinnvotten

Vi har no gått inn i året 2022, og er godt i gang med eventyret om skinnvotten.

Vi les i boka, teiknar og fargelegg skinnvotten og dei ulike dyra som er med i eventyret. Dyra er og begynt å komme opp på eit av

Maling på vinduene. - Klikk for stort bileteUnder skinnvotten kan ein sjå Revemor Silkesvans har begynt å ta form. Sunnfjord Kommune

 vindua her i barnehagen, ein etter ein. No er det Revemor Silkesvans som skal få farge på seg, og vere med å pryde vinduet ilag med resten av dyra frå skinnvotten. Vi har laga masker som ungane brukar i dramatiseringa av eventyret, noko dei synes er veldig kjekt. Då lagar vi til ein stor "vott" inne på bestestova, som alle får plass i etterkvart som dyra vil inn i votten for å varme seg litt.

Masker av dyrene i eventyret Skinnvotten. Laga i samarbeid med barna. - Klikk for stort bileteHer ei nokon av maskene som vi brukar i dramatiseringa av eventyret. Sunnfjord Kommune

 

 

 

 

 

 

 

Eventyret om Skinnvotten.    

Det var ein gong ein gammel mann som gjekk tur med hunden sin gjennom skogen ein
vinterdag.
Så mista han den eine votten.
Utpå ettermiddagen kom ei mus pilande. Den smatt inn i votten og peip:- ”Dette skal
være huset mitt i natt.”
Etter ei stund stod ein liten frosk utanfor og spurde:
- Kven er det som bur i denne votten her?
- Pilemus Silkehår. Og kven er du?
- Friskefrosk Langelår. Kan eg få bu saman med deg?  
- Ja da, berre kom inn.
Då sola holdt på å gå ned, kom det ein liten hare hoppande. Den stansa foran votten og
spurde:
- Kven er det som bur i denne votten her?
- Pilemus Silkehår og Friskefrosk Langelår, og kven er du?
- Eg er Haremann Hopsadans, får eg lov å bu saman med dykk?
- Ja da, kom inn.
No var det tre stykker som budde i votten, og det ble temmeleg varmt. Utpå kvelden
kom ein rev. Den stansa ved døra og spurde:
- Kven er det som bur i denne votten?
- Pilemus Silkehår og Friskefrosk Langelår og Haremann Hopsadans. Kven er du?
- Eg er Revemor Silkesvans. Kan eg få bu saman med dykk?
- Ja da, berre kom inn.
No sat det fire i votten og titta ut i skogen og snøværet. Plutseleg kom ein ulv
settande og stansa ved votten.
- Kven er det som bur her?
- Det er Pilemus Silkehår, Friskefrosk Langelår, Haremann Hopsadans og Revemor
Silkesvans, men kven er du?
- Eg er Ulven Aldrimett. La meg få bu hos dykk.
- Ja da, kom inn.
Ulven smaug seg inn i votten, og no var dei fem stykker der. Etter ei stund kom det eit
villsvin forbi. Det stansa og spurde:
- Kven bur i denne votten?
- Pilemus Silkehår, Friskefrosk Langelår, Haremann Hopsadans, Revemor Silkesvans og
Ulven Aldri

Villsvin som er malt på vindu. - Klikk for stort bileteVillsvinet Trynebrett. Sunnfjord Kommune

mett, men kven er du?
- Eg er Villsvinet Trynebrett. Kan ikkje eg og få bu i votten?
- Hvis du ikkje er for tjukk, så.
- Å nei da, eg skal gjere meg så liten eg kan.
- Ja, kom berre inn.
No sat det seks i votten, og no var det veldig trangt, dei kunne nesten ikkje røre seg. Då
knakk det i ein kvist, og så kom ein bjørn tassande.
- Kven bur i denne votten her? brumma bjørnen.
- Silkehår, Friskefrosk Langelår, Haremann Hopsadans, Revemor Silkesvans, Ulven
Aldrimett og Villsvinet Trynebrett, men kven er du?
- Eg er Bamsefar Labbdiger, kan eg få bu saman med dykk?
- Vi kan ikkje la deg komme inn, vi har ingen plass.
- Å jo da, press dykk saman, så går det nok.
- Ja, men då må du ikkje gjere deg så brei. Og så kraup bjørnen inn i votten, det knaka i
alle saumane, for no var det sju stykker som budde der.
I mellomtida merka mannen at han hadde mista votten sin. Han og hunden snudde, og
gjekk tilbake for å leite etter den. Hunden sprang føre, og så fekk den sjå noko som rørte seg i
snøen, akkurat som om det var levande. Då begynte hunden å bjeffe: - Voff, voff, voff.
Og alle dyra sprang ut av votten og blei borte i skogen. Så kom den gamle mannen og
tok på seg votten sin, og han kunne ikkje skjønne at den var så god og varm, når den
hadde lagt i snøen så lenge.