Praktisk informasjon

Barnehagen sitt samfunnsmandat er å tilby barn under opplæringspliktig alder eit omsorgs- og læringsmiljø som er til det beste for barnet. Den skal både vere ei pedagogisk verksemd og eit velferdstilbod for småbarnsforeldre. Barnehagen skal støtte og ta omsyn til det einskilde barn, samstundes som omsynet til fellesskapet skal takast i vare.

Opningstider

Bygstad barnehage er open 12 månader i året. Barnehagen er stengt i alle helgar og høgtidsdagar. Den daglege opningstida er 07.00 til 16.30. Barnehagen sender ut behovsprøving til alle heimane i alle skuleferiar.

Dagsrytme

  • 07.00–09.00 Barnehagen opnar. Frukost og sjølvalt leik.
  • 09.30–10.45 Organisert eller sjølvvalt leik ute eller inne.
  • 10.45–11.00 Avkleding, handvask og ev samling. Fokus på: Klare sjølv, hygiene.
  • 11.00–11.30 Lunsj småbarn. 11.30–12.00 lunsj store barn. 
  • 11.30–14.00 Bleieskift og soving.  Inne/ute leik for dei som ikkje søv.
  • 14.00–14.30 Frukt og brød – måltid.
  • 14.30–15.00 Bleieskift og do trening.
  • 15.00–16.30 Sjølvvalt leik inne eller ute.

Levering og henting

Når du leverer eller hentar barnet, må du hugse å seie frå til ein i personalgruppa. 
Gi beskjed til barnehagen dersom nokon andre enn foreldra skal hente barnet. 

Måltid

Barnehagen serverer frukost, lunsj og frukt. 

Planleggingsdagar

Oversikt over planleggingsdagar for barnehagane i Sunnfjord kommune.

Tradisjonar i Bygstad barnehage

Her finn de tradisjonar og høgtider for Bygstad barnehage. (PDF, 121 kB)

Sjukdom 

Under finn de ein lenkje til  FHI. Her finn de informasjon om kor tid barnet må vere heime ved sjukdom, og kor tid barnet kan kome tilbake til barnehagen etter sjukdom. 

FHI – Smittevern i barnehage og skule
 

Ofte stilte spørsmål

Kontakt

Profilbilde av Anne Jorunn  Fauske
Anne Jorunn Fauske
Einingsleiar i Bygstad barnehage
E-post
Telefon 57 71 85 10
Mobil 97 05 36 54

Opningstider

07.00–16.30

Adresse

Besøksadresse:
Bygstadvegen 762
6977 Bygstad

Postadresse: 
Bygstad barnehage
Postboks 338
6802 Førde