Opningstider
Bygstad barnehage er open 12 månader i året. Barnehagen er stengt i alle helgar og høgtidsdagar. Den daglege opningstida er 07.00 til 16.30. Barnehagen sender ut behovsprøving til alle heimane i alle skuleferiar.
Dagsrytme
- 07.00–09.00 Barnehagen opnar. Frukost og sjølvalt leik.
- 09.30–10.45 Organisert eller sjølvvalt leik ute eller inne.
- 10.45–11.00 Avkleding, handvask og ev samling. Fokus på: Klare sjølv, hygiene.
- 11.00–11.30 Lunsj småbarn. 11.30–12.00 lunsj store barn.
- 11.30–14.00 Bleieskift og soving. Inne/ute leik for dei som ikkje søv.
- 14.00–14.30 Frukt og brød – måltid.
- 14.30–15.00 Bleieskift og do trening.
- 15.00–16.30 Sjølvvalt leik inne eller ute.
Levering og henting
Når du leverer eller hentar barnet, må du hugse å seie frå til ein i personalgruppa.
Gi beskjed til barnehagen dersom nokon andre enn foreldra skal hente barnet.
Måltid
Barnehagen serverer frukost, lunsj og frukt.
Planleggingsdagar
Oversikt over planleggingsdagar for barnehagane i Sunnfjord kommune.
Tradisjonar i Bygstad barnehage
Her finn de tradisjonar og høgtider for Bygstad barnehage. (PDF, 127 kB)
Sjukdom
Under finn de ein lenkje til FHI. Her finn de informasjon om kor tid barnet må vere heime ved sjukdom, og kor tid barnet kan kome tilbake til barnehagen etter sjukdom.
FHI – Smittevern i barnehage og skule
Ofte stilte spørsmål
- Dag 1: Foreldre er med barnet på avdeling i barnehagen. Første dag er barn og foreldre i nokre timar (3-4 timar).
- Dag 2: Foreldre og barnet/barna er litt lengre i barnehagen. Foreldre kan trekke seg litt ut av avdeling i periodar.
- Dag 3: Foreldre trekker seg i lengre periodar ut av avdeling. Barnet er med på aktivitet, måltid, søv (visst barnet skal sove), frukt.
- Dag 4 og 5: Foreldre leverer barnet/barna og reiser frå barnehagen.
Det kan vere stor skilnad på barn og kor lang tid dei brukar i tilvenningsperioden. Igjennom dei første dagane og eventuelt vekene vil foreldre i samband med personalet avtale korleis prosessen skal vere frå dag til dag.
- Barnet må ha med minimum to fulle klesskift som ligg i barnehagen til ein kvar tid.
- Ta med kle som passar til årstida (vår, sommar, haust og vinter)
- Barnet skal vere ute i all slags vèr og dermed må foreldre ha med utekle og skotøy etter vèret og årstid. Utekle og skotøy kan vere i barnehagen, slik at foreldre ikkje treng å ta det med heim kvar dag.
- Regnklede, vinterdress, sko og andre klesplagg bør ikkje vere for stort eller for lite. Dette kan gjere til at barn ikkje får bevega seg godt i uteaktivitetar.
- De kan kjøpe ein ekstra dag i barnehagen.
Pris: 150,- per dag
- Det er ein føresetnad at barnehagen har nok personal til kjøp av dag. Dette avtalar de med barnehagen.
Foreldre må ta med bleier til barnet. Personalet skal gi beskjed når barnet trenger meir påfyll av bleier.
Prisen for barnehageplass er avhengig over kor mange dagar barnet skal gå i barnehagen. Det ligg ein lenkje under med oversikt over prisar for barnehageplass og matpengar.
(august er betalingsfri månad)
Prisar for barnehageplass og matpengar