Reglar for klipping av hekk, busker og tre langs trafikkert veg

Du som eig eller er brukar av ein eigedom med avkøyrsle til veg eller gang- og sykkelveg, er ansvarleg for at vegetasjonen ikkje skaper farlege situasjonar. Det betyr at du må klippe hekk, busker og tre slik at alle trafikantane har god sikt.

For å få fri sikt, må du sørge for at vegetasjonen ikkje veks utover eigedomsgrensa di.

Slik sørger du for fri sikt

Hugs at hekk, busker og tre ikkje må skjule vegmerking, trafikkskilt, gatenamnskilt, gatelys eller anna vegutstyr.

Kva skjer om du ikkje gjer noko med trafikkfarlege hekkar, busker og tre ?

Dersom vi ser at hekkar, busker eller tre veks utover eigedomsgrensa og utgjer fare for trafikktryggleiken, tar vi kontakt med deg. Du får ein frist for å klippe det som er trafikkfarleg.

Om vegetasjonen ikkje vert klipt, kan Sunnfjord kommune i ytterste konsekvens klippe for di rekning og risiko.

Spørsmål

Har du spørsmål om klipping av hekk, busker og tre langs kommunal veg, ta kontakt med oss på e-post: postmottak@sunnfjord.kommune.no eller Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde