Sunnfjord kommune

Graveløyve

Graveløyve

Ledningskart og gravemeldingsteneste

Graving på eigen eller andre sin eigedom

Dersom du skal grave på eigedomen din eller på andre sitt areal må du skaffe deg oversikt over kva leidningar som ligg i grunnen. Dette gjeld vassleidningar, kloakkleidningar, straum og telekablar.

Før gravemelding  blir sendt til kommunen må du kontakte Geomatikk for å få oversikt over straum, TV og telekablar (kommunikasjonskablar). Tilbakemeldinga frå Geomatikk skal alltid leggast ved når du søker om gravemelding hjå kommunen. Bruk kommunen sitt gravemeldingsskjema.

Gravemelding for påvising av kommunal VA-leidning

Gravemelding til kommunen sender du på epost til

Søknad om graving og framføring i på offentleg grunn og veg

Du må søke om grave- og framføringsløyve for arbeid som inneber graving, legging, flytting, reparasjon og fjerning av kablar og leidningar over, under og langs kommunal veg.

Søknadsplikta omfatta kommunen sitt eigedomsområde og alt området innanfor 1,5 meter frå vegkant, uavhengig av kven som er grunneigar.

Kriteria for arbeidet

Arbeidet skal vere utført i trå med krav i

Søknadsskjema for løyve til graving i offentleg veg og gategrunn

Graving i europa-,riks- og fylkesveg

Skal du grave på fylkes- og riksveg leverer du søknaden til Statens vegvesen 

Arbeidsvarslingsplan

I tillegg til å søke om grave- og framføringsløyve må du sørgje for å ha godkjent arbeidsvarslingsplan. Søknad om godkjenning av arbeidsvarlsingsplan sender du til kommunen i lag med søknad om grave- og framføringsløyve.

Søknad om godkjenning av arbeidsvarslingsplan (XLSX, 233 kB)

Sendt denne til:

Du får svar frå kommunen når søknadane er ferdig handsama. Når du er ferdig med gravinga skal vegen eller graveområdet settast i stand att, slik at kommunen ikkje blir påført utgifter.

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00