Sunnfjord kommune

Septiktank

Septiktank

Det er Norva24 Miljøservice AS i Stryn som utfører tømming av septiktankar i Sunnfjord kommune. Ta kontakt direkte med dei om du treng ekstratømming utanom oppsett tidsplan. 

Norva24 Miljøservice AS

Pris og betaling

Frå 1.januar 2021 tek Sunnfjord Miljøverk (SUM) over faktureringa av renovasjonsgebyret samt gebyret for private septiktankar/minireinseanlegg/slam. Dei som er tilknytt kommunalt kloakkanlegg vil framleis få faktura frå kommunen. Første faktura vil de motta i februar.

  • De vil frå 2021 få eigen faktura for renovasjon og eventuelt slam direkte frå SUM
  • Dersom de har spørsmål til faktura kontakt SUM
  • Du finn meir informasjon på Sunnfjord Miljøverk.no

post@sum.sf.no eller telefon 57 72 41 50


Forureining

Eigaren av septiktanken med reinseanlegg (spreiegrøft, dome eller tilsvarande) er ansvarleg for at anlegget fungerer som tenkt og at det ikkje fører til forureining. Eigaren må føre kontroll med anlegget og reparere det om det blir oppdaga feil og manglar.

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon +47 57 72 20 00