For folkevalde

Reglement og retningslinjer

Styringsdokument i Sunnfjord kommune

Samtykkeskjema for kontaktinformasjon 

Folkevalde bør ha ei e-postadresse på nettsida slik at innbyggarar og andre aktørar som ønsker det kan kome i kontakt med dykk.  Folkevalde skal fylle ut samtykkeskjema og velje kva kontaktinformasjon som skal ligge på nettsida. 

Samtykkeskjema for folkevalde 

Utstyr for folkevalde

Faste medlemmer i kommunestyret, utval, råd og nemnder får eit nettbrett til utlån for å utføre vervet som folkevald. Dei får også ei kommunal e-postadresse. Dette gjeld også første varamedlem i kommunestyret for dei ulike partia. 

Når ein folkevald trer ut frå vervet, pliktar hen å levere inn eller kjøpe nettbrettet til privat bruk. 

Sjå rutine for folkevalde – innlevering/kjøp av nettbrett (PDF, 332 kB)
 

Møtegodtgjersle, tapt inntekt og reiserekning

Generelt om utbetaling 

Refusjonskrav for reiserekning, køyrebok og andre utlegg skal meldast inn så snart som muleg, som hovudregel innan tre månadar.

Siste frist for innmelding av refusjonskrav for det inneverande året er 15. januar året etter. Alle utgifter må då vere innkomne for å bli ført på rett rekneskapsår. Det vil seie at alle refusjonskrav for 2020 må meldast inn seinast 15.01.2021.

Løn og utbetling av vederlag for tapt inntekt og utlegg blir betalt ut den 12. i kvar månad. For å vere sikker på at utbetalinga blir med den 12, må krav om vederlag blir meldt inn innan den 1. i månaden.  

Møtegodtgjersle 

Folkevalde får utbetalt ei fast godtgjersle per møte. Politisk sekretariat fører oversikt over kven som møter i dei folkevalde organa, så det er ikkje nødvendig å levere inn oversikt over deltaking i slike møte. Sjå satsane i reglementet for folkevalde sine arbeidsvilkår (PDF, 698 kB)

Folkevalde må likevel levere oversikt over deltaking i andre møte i t.d samarbeidsutval, styre og liknande, der kommunen sitt politiske sekretariat ikkje er til stade. 

Møtegodtgjersle blir betalt ut to gongar i året, 12. juni og 12. desember. 
 

Tapt arbeidsinntekt  

Alle folkevalde i Sunnfjord kommune har krav på å få vederlag for tapt arbeidsinntekt. Dette gjeld for pliktige møte i folkevalde organ, andre kommunale organ eller andre pliktige oppdrag som folkevald. Tapt inntekt må krevjast skriftleg.

Send krav om vederlag for tapt inntekt til politisk sekretariat, politikk@sunnfjord.kommune.no

Dokumentert tap av inntekt
For å få dekt dokumentert tap av inntekt, inntil kr 4 000,- per dag, må det bli lagt fram dokumentasjon frå arbeidsgjevar med omfanget av tapet. Arbeidsgjevar kan lage eit underteikna skriv (elektronisk godkjenning blir akseptert) som dokumentasjon. Politisk sekretariat har òg laga eit skjema for tapt inntekt som den folkevalde kan fylle ut for godkjenning av arbeidsgjevar med underskrift.

For sjølvstendig næringsdrivande må tapt inntekt dokumenterast av rekneskapsførar, eller ved likningsattest og eigenmelding. Dokumentasjonen må innehalde årsløn som sannsynleggjer kravet. 

Ikkje-dokumetert tap av inntekt
Heimearbeidande, studentar, frilansarar og andre som har tap av inntekt som dei ikkje kan dokumentere kan få dette dekka med inntil kr. 1 500,- per dag. Krav om dekking av ikkje-dokumenterte tap skal leverast skriftleg som ei eigenerklæring som sannsynleggjer tapet.

Finn lønsslippen

Folkevalde finn lønslippen sin ved å logge inn i Visma: 

Lenke til innlogging i Visma 

Reiserekning og køyrebok

Folkevalde skal registrere reiserekningar, køyrebok og andre utlegg i Visma Expense.

Alternativt kan du fylle ut skjemaet under og sende til politisk sekretariat: 
 

Habilitet

Folkevalde vil ofte vere inhabile dersom dei har ei tilknyting til ei sak eller saka sine partar som skapar tvil om dei vil behandle saka på ein objektiv og upartisk måte. Ein folkevald vil til dømes vere inhabil dersom ho eller han sjølv er part i saka eller har en nær tilknyting til eit selskap som er part i saka.

Habilitetsreglar er fastsett i forvalningslova § 6 og kommunelova § 11-10.

Sjå departementet sin rettleiar for habilitet i kommunar og fylkeskommunar

Registrering av styreverv

For å sikre høg etisk standard i saksbehandlinga og å oppnå tillit blant innbyggjarane, er Sunnfjord kommune knytt til Styrevervregisteret. Folkevalde vert oppmoda til å melde inn opplysningar om verv som kan ha innverknad på habilitet. 

Registreringa av folkevalde, tilsette og styremedlemmer skjer på frivillig basis. 

Gå til portalen www.styrevervregisteret.no, menyval: «Logg inn for vervinnehavere» og vel «Logg inn med ID-porten til Direktoratet for Forvaltning og IKT (Difi)». Første gong du loggar inn, kan du bli spurt om e-postadresse. Denne legg du inn. Du vil deretter få ein e-post med ei personleg lenke. Følg denne lenka, og logg inn på nytt.

Kontakt

Politisk sekreteriat
E-post
Telefon 57 72 20 00