Lån av nettbrett
Faste medlemmer i kommunestyret, utval, råd og nemnder får eit nettbrett til utlån for å utføre vervet som folkevald. De får også ei kommunal e-postadresse. Dette gjeld også første varamedlem i kommunestyret for dei ulike partia.
Når ein folkevald trer ut frå vervet, pliktar du å levere inn eller kjøpe nettbrettet til privat bruk.
E-postadresse
Faste medlemmer i kommunestyret, utval, råd og nemnder får ei e-postadresse som blir lagt inn på nettbrettet de får til å utføre vervet. De kan òg legge e-postadressa inn på mobil, og logge på e-posten på nettsida under.
Logg inn på e-posten på nettside
Kontakt politisk sekretariat, politikk@sunnfjord.kommune.no, for rettleiing eller påloggingsinformasjon.
Samtykke for kontaktinformasjon
Folkevalde bør ha ei e-postadresse på nettsida slik at innbyggarar og andre aktørar som ønsker det kan kome i kontakt med dykk. Folkevalde skal fylle ut samtykkeskjema og velje kva kontaktinformasjon som skal ligge på nettsida.
Samtykkeskjema for folkevalde
Bruk av møterom på rådhuset
Medlemmene i kommunestyret får nøkkelbrikke for å delta på gruppemøte på Rådhuset, for førebuing til møte i folkevalde organ i Sunnfjord kommune.
Bruk av møterom på Rådhuset til andre politiske møte
Møte i partiorganisasjonen på både på lokalt, regionalt eller nasjonalt nivå skal betale leige. Det blir rekna som eksterne møte og blir likebehandla med andre lag og organisasjonar. Døme på dette er nominasjonsmøte eller styremøte i lokallaget, opne politiske møte, årsmøte og liknande.
Då gjeld dei generelle utleigereglane for Rådhuset så langt dei høver: Informasjon om prisar og generelle utleigereglar.