Leige av møterom

Sunnfjord kommune leiger ut møterom på rådhuset og ved tenestetorga på Skei, Sande og Naustdal. 

Kven kan leige møterom?

  • Vi leiger ut møterom til eksterne verksemder, lag og organisasjonar. Med eksterne meiner vi verksemder, lag og organisasjonar, herunder interkommunale verksemder/aksjeselskap, som ikkje inngår i den interne kommunale drifta og heller ikkje er leigetakarar frå før.
  • Vi leiger ikkje ut lokale til sosiale arrangement som barnedåp, konfirmasjonar, bryllaup eller åremålsdagar m.v.

Betaling

  • Faste leigetakarar i Sunnfjord rådhus betaler ikkje for leige av møterom (Sekom/ Vestland revisjon/Landbrukstenester/Utdanningsforbundet)
  • Møte i dei politiske kommunestyregruppene i Sunnfjord kommune vert rekna som ein del av den kommunale drifta og skal derfor ikkje betale leige for møterom.  Gruppeleiar finn reglar for bestilling av møterom her.
  • Møte i politiske parti både på lokalt, regionalt eller nasjonalt nivå skal betale leige. Døme på dette er nominasjonsmøte i MDG Vestland eller styremøte i Sunnfjord Arbeiderparti.
  • Studieforbund som held kurs med statstilskot etter vaksenopplæringslova, kan søkje om å få låne møterom gratis.
  • Utleigeprisar (Prisboka i Framsikt) 

For endring eller avbestilling

Send e-post til tenestetorget eller ta kontakt med utleigeansvarleg på det einskilde kommunehuset: 

  • Rådhuset: kontakt tenestetorget på tlf 57 72 20 00. 
  • Skei kommunehus: Skei tenestetorg, Siv Carlsen Kjøsnes, tlf. 57 72 61 46
  • Sande kommunehus: Sande bibliotek, Mari Hjelmeland Østensen, tlf. 57 81 66 27
  • Naustdal Helsesenter, bygg K: Naustdal legesenter, Mariann Klopstad Nielssen, tlf. 975 28 730

Bestille møterom

Skjema for å bestille møterom på rådhuset og ved tenestetorga på Skei, Sande og i Naustdal