Vil du gi litt tid?

Tre barn leikar - Klikk for stort bilete Home-Start

Home-Start Familiekontakten er eit frivillig tilbod til småbarnsfamiliar som opplever ulike utfordringar i kvardagen. 

Dame og barn i trapp - Klikk for stort bilete Home-Start

Hjelpa blir ytt av frivillige familiekontakter som kjem heim til familien ein gang i veka, 2-4 timar kvar gang i ein periode på ca. seks månader. 

Vi treng no å rekruttere nye familiekontakter, og startar derfor nytt førebuingskurs i september. Vi treng både unge og eldre, kvinner og menn! Fleire par har også gode opplevingar med å vere familiekontakt i lag.

Har du litt tid til overs? Likar du å vere saman med barn og familiar? Bli med på kurs og bli familiekontakt i Home-Start!  

Ta kontakt med Inger Cesilie for meir informasjon

Fr og to barn som leikar - Klikk for stort bilete Home-start

 

 Les meir om Home-Start Norge
    
Home-Start Familiekontakten Sunnfjord blir drifta av Sunnfjord Kommune. Kyrkja i Sunnfjord og Helse Førde er samarbeidspartar.