Vil du bli den nye helserekrutten vår? Meld deg på infomøte om Menn i Helse no!

«Menn i helse» skal bidra til å rekruttere fleire helsefagarbeidarar til kommunesektoren – og no er vi på leiting etter nye deltakarar til kull 2024.

Sunnfjord kommune søker no etter vaksne arbeidssøkande menn som vil få tilbod om ei unik moglegheit til å ta fagbrev som helsefagarbeidar gjennom Menn i helse.
Utdanninga er komprimert og tilrettelagd for arbeidssøkande menn i alderen 25 – 55+. Deltakarane får tittelen helserekruttar og under utdanninga blir det veksla mellom å få yting frå Nav og lønn frå kommunen.  

Påmelding til informasjonsmøte 

Ta sjansen å bli med på eit uforpliktande informasjonsmøte der det blir gitt informasjon om Menn i helse, utdanninga, økonomi og jobbmoglegheitene.  Nokre få veker etter møtet vil det bli gjennomførte intervju. Etter intervju vil eigna og motiverte kandidatar bli tilbode ein 12 vekers rettleiande praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller tilsvarande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

  • Tid: 06.03.24 kl. 1400-1530. 
  • Stad: Sunnfjord rådhus Hafstadvegen 42 6802 Førde. Møterom Jølstra 4. etasje

Meld deg på her: Vestland Nord - Menn i helse

Er du vår neste mann? Grip moglegheita! 
Kjenne du nokon som fortener moglegheita? Tips dei om Menn i helse!

Har du spørsmål om Menn i helse?  

Ta kontakt med fylkeskoordinator: 
Øystein Johannessen
Menn i helse Vestland Nord
Mobil: 908 34 919
E-post: oystein@mennihelse.no