Ver på vakt mot vaksine-svindel

Nasjonal sikkerhetsmyndighet forventar svindelbølge knytt til koronavaksineringa.

Arbeidet med vaksinering mot koronaviruset er godt i gang. Det vert sendt ut mykje informasjon til innbyggjarar i samband med dette. Nasjonal sikkerhetsmydighet vaslar om at vi må vere på vakt mot dei som prøvar å utnytte situasjonen.

Følgjande svindelmetodar kan vi forvente oss:

  • Offer blir kontakta med beskjed om at det er hans/henna tur, og at ein må betale ein eigenandel for vaksineringa.
  • Dei prøver å få offeret til å laste ned ei fil på PC-en, som seinare viser seg å vere eit lauspengevirus.
  • Meir tradisjonelle motiv, som å få tak i kredittkortnummer, bankkontonummer, helseopplysningar og anna personalia som kan misbrukast.

Viktig informasjon

  • Vaksina er gratis, så ikkje gjennomfør betaling.
  • Du treng ikkje laste ned noko fil for å registrere deg for koronavaksinering. Blir du beden om det, så ikkje gjer det.
  • Aldri oppgje sensitiv informasjon utan bank ID pålogging. Vi vil heller ikkje spør etter kontonummer, då vaksina er gratis.

Informasjon frå kommunen skjer på følgjanede måte for at du skal vere heilt trygg:

  • Registrering skjer på kommunen si heimeside med lenkje vidare til Helseboka. Der er det pålogging med Bank ID
  • Følgjande lenkje er trygg og skal nyttast for påmelding til vaksine
  • Blir du oppringt frå kommunen med spørsmål om du ønskjer koronavaksine eller for å informasjon om at det er din tur, så vll vi ikkje spør om sensitiv informasjon over telefon. Vi spør kun om namnet ditt og opplyser om tid og stad for vaksinering. Vi vil også spør om du har hatt alvorleg reaksjon på vaksine tidlegare og om du treng transport.

 

Uønska hendingar kan du varsle til  Nasjonal sikkerhetsmyndighet