Tilskot til trafikktryggingsaktivitetar

Tre syklistar på sykkelsti, bilar på parkeringsplassen på venstre sida og bilar på vegen på høgre sida - Klikk for stort bilete Oskar Andersen

To gongar om året deler Vestland fylkeskommune ut tilskot til aktivitetar og prosjekt som fremmar trafikksikker åtferd blant trafikantane. Søknadsfrist er 1. desember 2023.

Kva er målet med ordninga

Målet med ordninga er å styrkje det førebyggjande og trafikkantretta arbeidet med trafikktrygging som skjer lokalt og regionalt i fylket.

Kven kan søke

  • kommunar
  • helsestasjonar
  • skular og barnehagar (inkludert FAU)
  • lag og foreiningar
  • organisasjonar
  • institusjonar
  • aksjonsgrupper
  • kommunale medverknadsorgan (råd for menneske med nedsett funksjonsevne, eldreråd, ungdomsråd e.l.)
  •  

Ordninga gjeld innanfor Vestland fylke. Landsomfattande organisasjonar kan ikkje bli tildelt midlar sentralt. 

Kva kan du få tilskot til

Ein kan få tilskot til haldningsskapande tiltak, informasjonstiltak, opplæringstiltak (inkludert trafikantopplæring), arrangement, kampanjar, aksjonar og prosjekt (med meir) som bidrar til å tryggje trafikk og trafikantar.

Prosjekt kan til dømes vera vidareutvikling og utprøving av nye tiltak, utvikling av ny kunnskap og nye samarbeidsformer, med meir. For å verta tildelt prosjektmidlar er det ein føresetnad at erfaringane frå prosjekta kan delast med andre i etterkant.

Søknadsfrist

Tilskotsordninga har to årlege tildelingar med kvar sin søknadsfrist

  • Frist for 1. tildeling 2024 er 1. desember 2023.

Les meir om ordninga og send søknad