Sunnfjording i NM i brannsport

Kristoffer Rygg, branninspektør i eininga Sunnfjord brann og redning, deltok sist helg i NM i brannsport i Drammen.

57 kvinner og menn frå heile landet konkurrerte i 5 ulike brann- og redningsrelaterte øvingar. Dei konkurrerte i individuell, tandem og lag, med nær 20 kilo røykdykkarutstyr, hjelm, tjukke varmeisolerande klær, støvlar, hanskar og flaskemeis på ryggen.

Kristoffer vart nummer 16 med tida 2.40 min, og  det var 43 sekund opp til vinnaren. Konkurransenivået var høgt. På plassen bak Kristoffer følgde olympiameister Olav Tufte med tida 2.41 min.

Neste utfordring i brannsport for Kristoffer vert World Firefighters Games i Aalborg i september.Der skal han konkurrere i konkurransegreina Thougest Firefighter Alive.

 Brannsjefen ønsker Kristoffer lykke til i Aalborg.