Bakgrunn for saka
Kommunestyret har tidlegare vedteke finansiering av vidare utbygging av felta K2, K3 og K4 i Sunnfjord Næringspark. Det vart då vedteke at når entreprisen for bygging av intern infrastruktur i Sunnfjord Næringspark vart lyst ut, så skulle det vere ein opsjon for bygging av internt fjernvarmenett.
Traséane for VA-grøfter og varme-/kjølenett
I Sunnfjord Næringspark skal det frå og med hausten 2026 opparbeidast vegar i feltet. I vegtraséen er det prosjektert røyr for vatn, avløp og overvatn i tillegg til føringsvegar for EL og breidband. Dersom det skal etablerast røyr for fjernvarme/-kjøling vil desse bli lagt i den same traséen og samtidig med det øvrige anleggsarbeidet. Dette medfører lågare kostnader og meir praktiske løysingar anleggsteknisk enn om dette skal etablerast seinare.
Det er i sommar gjennomført anbodskonkurranse for bygging av intern infrastruktur i næringsparken. Prisnivået frå anbodskonkurransen viser at det vil koste ca 20 millionar kroner eks. mva å legge eit distribusjonsnett for fjernvarme/-kjøling i samband med at den andre infrastrukturen blir bygd ut.
For å kunne nytte denne overskotsvarmen frå datasenter effektivt, så må det etablerast ein energisentral. Energisentralen kan kombinere overskotsvarme frå datasentera med andre energikjelder, som grunnvarme, solenergi eller andre lokale energikjelder. Sentralen vil vere hjartet i det lokale energisystemet og knyte saman produksjon, lagring og distribusjon av energi. Kostnaden er førebels stipulert til om lag 20 millionar kroner eks. mva., utan etablering av energibrønnar eller andre løysingar for energilagring i grunnen. Dette er ein kostnad som kjem i tillegg til dei 20 millionane for infrastrukturen.
Det er openbert fornuftig å legge til rette for at overskotsvarme frå datasenter i Sunnfjord Næringspark blir utnytta på ein god måte. Men kommunedirektøren vil likevel tilrå at det ikkje blir lagt distribusjonsnett for fjernvarme/-kjøling i samband med dei kommande anleggsarbeida i næringsparken. Sunnfjord kommune er ikkje i ein posisjon der kommunen kan forskottere min. 20 mill kr eks. mva til eit prosjekt med stor risiko der det kan gå lang tid før ein kan gjere seg nytte av røra. Det er også stor usikkerheit om det vil vere kundegrunnlag for å forsvare investeringa. Eit ev. tilskot frå ENOVA vil truleg også krevje at det vert bygd ein energisentral i tillegg til distribusjonsnettet. Søknadsprosessen er komplisert og kan forsinke oppstarten av anleggsarbeida i haust.
Formannskapet må vedta om kommunen skal gå for eit alternativ med eller utan rør for fjernvarme/-kjøling. Det er åtte tilbydarar i denne konkurransen, og prisforskjellen mellom dei to alternativa er hos dei alle ca 20 mill kr eks mva. Det er planlagt å tildele entreprisen i neste veke.
Les heile saka om fjernvarme/-kjøling
Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak:
Det blir ikkje etablert distribusjonsnett for fjernvarme/-kjøling i samband med bygging av kommunalteknisk infrastruktur i Sunnfjord Næringspark.