Sunnfjord kommune lyser ut midlar i ordninga: Tilskot til tiltak i beiteområde.

Ordninga gjeld tiltak som bidreg til å leggje til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda. Aktuelle søkjarar er i hovudsak lag eller foreiningar (beitelag, sankelag) som er registrert i enhetsregisteret og driv næringsmessig beitedrift i utmark og set i verk investeringstiltak og/eller planleggings- og tilretteleggingsprosjekt i beiteområde. 

Midlane skal forvaltast i tråd med Forskrift om tilskudd til tiltak i beiteområder (FOR-2013-02-04-206) 

Kva tiltak kan få tilskot

Det kan i utgangspunktet gjevast tilskot til alle typar tiltak som fremjar beiting i et område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære og ha eit visst omfang. Mindre kostnadskrevjande tiltak og lett omsettelege varer vert ikkje støtta. Frå 2020 har driftstilskotet gjennom RMP til beitelaga auka, og beitelaga kan difor sjølv ta ansvar for mindre tiltak. Ulike typar av faste og mobile investeringstiltak kan til dømes vere:

  • Sanke- og skiljeanlegg
  • Bruer dimensjonert for dyr og folk
  • Sperregjerde for å sikre at dyr ikkje kjem inn i farleg område
  • Gjetarhytter/sankehytter
  • Elektronisk overvakingsutstyr (E-bjøller)
  • Beitebruksplan

Les om tilskot til tiltak i beiteområde og «Retningslinjer 2024-2027» på kommunen sin heimeside. (tilskot til tiltak i beiteområde frå s. 8 – 11 i tiltaksstrategien.)

 Tiltak som vert prioritert 

  • Elektronisk overvakingsutstyr (E-bjøller)
  • Faste installasjonar
  • Beitebruksplan

Søknadsfrist 1 mars 2026

Elektronisk søknadsskjema og informasjon om regelverket for tilskotsordninga på Landbruksdirektoratet sin nettside.

Spørsmål

Dersom du har spørsmål, ta kontakt med Anne Fetveit.

Kontakt

Anne Fetveit
Rådgjevar
Telefon 57 72 61 22

Arbeider med tilskot i jordbruket og gardskart.