Tilskot i jordbruketHer er ein oversikt over ulike tilskot i jordbruket. Produksjonstilskot Kven kan søke om produksjonstilskot? Føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan søke om produksjonstilskot, t.d. arealtilskot, kulturlandskapstilskot, tilskot til husdyr osv. Føremålet er å bidra til eit aktivt og bærekraftig jordbruk. Føretaket må vere registrert i Einingsregisteret i Brønnøysund innan søknadsfristen og drive vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire eigedommar. Manglande eller mangelfull gjødslingsplan og/eller sprøytejournal kan føre til avkorting av produksjonstilskotet. Slik søker du Søk om produksjonstilskot via Altinn Søknadsfristar, telje- og utbetalingsdato Søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie har to søknadsfristar i året: 15. mars (med teljedato 1. mars) 15. oktober (med teljedato 1. oktober). Tilskota vil bli utbetalt i februar året etter at du har søkt. Har du spørsmål? Kikk innom nettsidene til Landbruksdirektoratet, der er det stor sjanse for at du finn svar på spørsmåla dine. Kontaktpersonar Ola Kvaal Arne Stig Sortevik Tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. Kven kan søke om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel med meir? Føretak som driv husdyrproduksjon, planteproduksjon på friland, produksjon i veksthus eller honningproduksjon, kan søke om tilskot til avløysing dersom jordbrukaren blir sjuk, skal ha eller har fått barn eller har sjukt barn. Privatpersonar som er etterlaten ektefelle, sambuar, forelder eller barn til avdød jordbrukar kan søke om tilskot til avløysing for inntil 8 veker etter dødsfallet. Søknadsfrist Søknadsfristen er eit år etter siste dag i perioden du søker tilskot for. Slik søker du Søk om tilskot til avløysing via Altinn Har du spørsmål? Kikk innom nettsidene til Landbruksdirektoratet, der er det stor sjanse for at du finn svar på spørsmåla dine. Kontaktperson Arne Stig Sortevik Tilskot til tiltak i beiteområde Kven kan søke om tilskot til tiltak i beiteområde? Lag, foreiningar og føretak som driv næringsmessig beitedrift kan få støtte til investeringstiltak og/eller planleggings- og tilretteleggingsprosjekter i beiteområde. Føremålet med tilskotet er å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda. Les retningslinjer for tilskot til tiltak i beiteområde 2021–2023 (PDF, 799 kB) Søknadsfrist 1. mars. Slik søker du Beitelag sender søknad til kommunen. Søknadsskjema leverast elektronisk gjennom Altinn. Søk om tilskot til tiltak i beiteområde via Altinn Har du spørsmål? Kikk innom nettsidene til Landbruksdirektoratet, der er det stor sjanse for at du finn svar på spørsmåla dine. Kontaktpersonar Anne Fetveit Linn Hovlandsdal Spesielle miljøtiltak i jordbruket - SMIL Kven kan søke om SMIL-midlar?Føretak som oppfyller vilkåra i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot.Eigar av landbrukseigedom kan søke, dersom det er ein produksjon på landbrukseigedommen som oppfyller vilkåra i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot.Søknaden skal som eit minimum innehaldeOmtale av tiltaketFramdriftsplanKostnadsoverslag (frå bygningskyndig dersom det gjeld bygning)FinansieringsplanKart over driftseininga der det aktuelle tiltaket, kulturminne, erosjonsutsette areal og område med viktige miljøkvalitetar er avmerkt.Fotografi og/eller teikningar.Løyve frå grunneigar dersom tiltaket skjer på leigd landbrukseigedom.Gjødslingsplan og journal over nytta plantevernmidlar.Les dette før du søkjerTiltastrategien legg føringar for tildeling av tilskot, og bør lesast før du søkjer. For å få tilskot til å restaurere ein verneverdig bygning, må arbeidast utførast etter antikvariske prinsipp. Les Vestland fylkeskommune sin rettleiar for antikvarisk istadsetjing.Tiltakstrategi 2024-2027 (PDF, 2 MB)Rettleiar for antikvarisk istandsetjing (PDF, 13 MB)Slik søkjer duSøk om SMIL-tilskotSøknadsfrist1. april og eventuelt 15. august om det er att midlar. Tiltaksstrategien legg føringar for kva SMIL-midlane skal gå til Føremålet med SMIL-midlane er å fremme natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet, og redusere ureining frå jordbruket utanom det ein kan forvente gjennom vanleg jordbruksdrift. Som følge av siste jordbruksavtale kan kommunen også løyve SMIL-midlar til å dekke over eksisterande gjødsellager.Har du spørsmål?Kikk innom på nettsidene til Landbruksdirektoratet, der er det stor sjanse for at du finn svar på spørsmåla dine. Tilskot til drenering av jordbruksjord Tilskot til drenering skal betre kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord for å auke produktiviteten, samt å redusere risiko for erosjon og overflateavrenning til vassdrag. Eigar av, eller føretak som leiger tidligare grøfta jordbruksareal, kan søke. Søknadsfrist Du kan søke heile året, det er ingen søknadsfrist. Slik søker du Søk om tilskot til drenering via Altinn Har du spørsmål? Du finn informasjon på nettsidene til Landbruksdirektoratet,. Kontaktpersonar Arne Stig Sortevik Ola Kvaal Regionalt miljøprogram – RMP Regionalt miljøprogram skal stimulere til å ta vare på og utvikle det opne og særmerkte kulturlandskapet. Tilskota i miljøprogrammet er til liks med nasjonale produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte, til føretak i drift som oppfyller visse vilkår. For å kunne søke må ein ha rett på produksjonstilskot i jordbruket. Søknadsfrist 15. oktober Slik søker du Søk om regionalt miljøprogram via Altinn Har du spørsmål? Kikk innom nettsidene til Statsforvaltaren i Vestland, der er det stor sjanse for at du finn svar på spørsmåla dine. Kontaktpersonar Anne Fetveit Linn Hovlandsdal Organisert beitebruk Driftstilskot til organisert beitebruk skal stimulera til samarbeidstiltak for å få til ein effektiv beitebruk som bidreg til å halde kulturlandskapet ope. Driftstilskot kan gjevast til drift av godkjent beitelag som arbeider for felles beitebruk i utmark og redusert tap gjennom organisert tilsyn, sanking og andre fellestiltak. Søknadsfrist 15. november Slik søker du Søk om tilskot til organisert beitebruk via Altinn Har du spørsmål? Les meir på nettsidene til Statsforvaltaren i Vestland. Kontaktperson Anne Fetveit BU-midlar - Innovasjon Norge Midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket. Tilskot/lån til finansiering i samband med investering innan tradisjonelt landbruk, generasjonsskifte, kjøp av eigedom og tilleggsareal. Les meir om tilskotsordningane på nettsidene til Innovasjon Norge. Erstatning ved avlingssvikt Kven kan søkje om erstatning ved avlingssikt? Jordbruksføretak som har hatt vesentleg avlingssvikt kan søkje om erstatning. Avlingssvikten må ha ei klimatisk årsak som det ikkje er mogleg å sikre seg mot. Erstatning føreset at det er godt dokumentert at det er ein klimatisk skade som er årsak til avlingssvikten. Føretaket må melde tidleg i frå til kommunenen om mogleg avlingssvikt, slik at kommunen har høve til å kontrollere arealet på eit tidspunkt der klimaskaden kan påvisast. Slik søkjer du Søk om erstatning via Altinn Søknadsfrist 31. oktober, og fristen er absolutt. Har du spørsmål? Du finn meir informasjon på nettsidene til Landbruksdirektoratet. Kontaktpersonar Arne Stig Sortevik Ola Kvaal Kontaktpersonar om tilskotsordningane i Sunnfjord kommuneArne Stig SortevikOla KvaalAnne FetveitLinn Hovlandsdal Publisert 28.09.2020 13.36
Føretaket må vere registrert i Einingsregisteret i Brønnøysund innan søknadsfristen og drive vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire eigedommar. Manglande eller mangelfull gjødslingsplan og/eller sprøytejournal kan føre til avkorting av produksjonstilskotet. Slik søker du Søk om produksjonstilskot via Altinn Søknadsfristar, telje- og utbetalingsdato Søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie har to søknadsfristar i året: 15. mars (med teljedato 1. mars) 15. oktober (med teljedato 1. oktober). Tilskota vil bli utbetalt i februar året etter at du har søkt. Har du spørsmål? Kikk innom nettsidene til Landbruksdirektoratet, der er det stor sjanse for at du finn svar på spørsmåla dine. Kontaktpersonar Ola Kvaal Arne Stig Sortevik