Stem på Astruptunet til publikumsprisen!

Astruptunet har fått den prestisjetunge Europa Nostra prisen frå den europeiske kulturarvsorganisasjonen med same namn. Men, Astruptunet kan òg vinne publikumsprisen. For at dette skal skje, så må du vere med å stemme fram Astruptunet!

Blomstring i Astruptunet - Klikk for stort bilete

Det var for den restaurerte gardshagen Astruptunet vann prisen for konservering og tilpassa gjenbruk. Prisen vert delt ut under det europeiske toppmøtet for kulturarv i Nicosia, Kypros den 28. mai.

I Nicosia vert også publikumsprisen delt ut. Prisen går til den vinnaren som får flest publikummstemmer. Du kan stemme på din favoritt ved å trykke på knappen nedanfor. Du må stemme på tre kandidatar, og får berre stemme ein gong. Merk at du må godkjenne stemma di i e-post du mottek som kvittering for avlagt stemme. 12. mai er fristen for å stemme.

Stem på publikumsprisen her

Sjå stemningsfull film frå Astruptunet

Europa Nostra

Europa Nostra er ei samling av europeiske organisasjonar som fremjar kulturarv, med medlemmer frå over 40 land. Oppretta i 1963, er organisasjonen det viktigaste og mest omfattande kulturarvsnettverket i Europa, med tilknyting til EU, Europarådet, UNESCO og andre internasjonale organ. Organisasjonen jobbar for å styrke kulturarvsarbeidet og redde trua kulturarv over heile kontinentet, og deler årleg ut European Heritage Awards.

Europa Nostra logo - Klikk for stort bilete

 

Sjå pressekonferansen og artikkelen som vart lagt ut i samband med kunngjeringa av prisen

Foto: Henning Hellebust

Kontakt

Profilbilde av Anita Nordheim
Anita Nordheim
Kommunalsjef for kultur og idrett
Telefon 57 72 60 57
Mobil 95 92 24 34