Europeisk prestisjepris til Astruptunet

Den europeiske kulturarvsorganisasjonen Europa Nostra deler ut pris til Astruptunet sin restaurerte gardshage i kategorien konservering og tilpassa gjenbruk.

Opptak frå Kommune-TV 
 

Lenke til Kommune-TV

Plantekasse - Klikk for stort bilete

 

Jenny Følling i bunad - Klikk for stort bilete

– Vi er svært glad for den gjeve og prestisjetunge prisen til Astruptunet. Dette er ei stor anerkjenning av eit langsiktig og grundig arbeid med å ta vare på ein heilt unik del av kulturarven vår, seier ordførar Jenny Følling i Sunnfjord kommune, eigar av tunet.

Sidan 2018 har det føregått eit omfattande arbeid med å attskape kunstnaren Nikolai Astrup sin mangfaldige kunstnarheim Astruptunet. Då Hennar Majestet Dronning Sonja nyopna tunet for publikum i 2024, var Astrup sine dyrkingsterassar, frukthage, grønsakbed og blomeprakt attskapt, og bygningane, stiar og vegar var restaurert tilbake den tida han sjølv budde der på 1920-talet.

– Eg og mine medarbeidarar i prosjektet tek imot denne prisen i stor takksemd. Den oppgåva vi tok på oss er sett av ein stor europeisk kulturminne-institusjon. Det er ei ære og enorm anerkjenning å få være eit medlem i Europa Nostra-familien, seier Ingeborg Mellgren-Mathiesen i Arkadia Landskap, som har vore fagansvarleg for arbeidet med hagen.

Dronning Sonja plantar rabarbra - Klikk for stort bilete

Juryen grunngjev prisen mellom anna med at den restaurerte gardshagen viser kor sentral den var i kunstnaren sitt liv og virke. Arbeidet som er gjort løftar fram viktigheita av hagar som kulturarv og tradisjonsberar, heller enn dekorative rom. Restaureringsarbeidet styrkar juryen sitt syn på at historiske hagar er ein eigen og sårbar kategori av kulturarv.

Solveig Berg - Klikk for stort bilete

– Arbeidet som vart lagt ned har gitt oss eit enno større mangfald å formidle til publikum når dei besøker oss: både kunst, bygningshistorie og ein gardshage vi kan hauste frå og tilby smakar av, seier museumsleiar Solveig Berg Lofnes ved Astruptunet.

Prisen vert delt ut under det europeiske toppmøtet for kulturarv i Nicosia, Kypros den 28. mai. Døme på andre prisvinnarar i år er den statlege operaen i Budapest, eit klosterkompleks i Polirone, Italia, Bánffy-borga i Romania og saltproduksjonsanlegget Salinas de La Concepción på Menorca.

Europa Nostra er ei samling av stemmene til europeiske organisasjonar som fremjar kulturarv, med medlemmer frå over 40 land. Oppretta i 1963, er organisasjonen det viktigaste og mest omfattande kulturarvsnettverket i Europa, med tilknyting til EU, Europarådet, UNESCO og andre internasjonale organ. Organisasjonen jobbar for å styrke kulturarvsarbeidet og redde trua kulturarv over heile kontinentet, og deler årleg ut European Heritage Awards. 

kollasj med mange bilder - Klikk for stort bilete

Publikumsprisen

Fram til den 12. mai kan publikum stemme for å avgjere kven som vert heidra med publikumsprisen. 

Les alt om prisen og alle vinnarane på Europa Nostra si nettside

 

 

Sjå presentasjon som vart vist under pressekonferansen (PDF, 3 MB)

Kontakt: 

Anita Nordheim, Kommunalsjef kultur og idrett Sunnfjord kommune


Ingeborg Mellgren-Mathiesen, Arkadia landskap


Solveig Berg Lofnes, Astruptunet

 

Europa Nostra logo - Klikk for stort bilete

 

Foto: MISF ved Henning Hellebust og Olin Steinsvik