Søk om tilskot frå ungdomsrådet innan 3. november

Ungdomsrådet ønsker å auke aktiviteten og trivselen for barn og unge i Sunnfjord kommune. Det er enkelt å søke om støtte frå Ungdomsrådet.

Kva kan du søke om pengar til?

  • Prosjekt for barn og unge
  • Rusfrie arrangement eller aktivitetar for barn og unge
  • Utstyr for aktivitetar for barn og unge
  • Andre prosjekt eller tiltak som gjer oppveksten betre for barn og unge

Pengane går til enkeltinvesteringar, ikkje til vanleg drift.

Meir om tilskot frå ungdomsrådet

Søk innan 3. november

Ungdomsrådet delte ut 42 000 kr i møte 10. juni, og skal dele ut 58 000 kr i 10. november.

Fristen for å søke er måndag 3. november 2025. Fyll ut elektronisk søknadsskjema:

Søknadsskjema for tilskot frå ungdomsrådet

Kva søknaden må innehalde

  • informasjon om deg som søker
  • skildring av tiltaket
  • korleis tiltaket skal finansierast
  • kontaktinformasjon til ein vaksen kontaktperson (om du er under 18)

Har du spørsmål? 

Send e-post til Malin Moldestad, sekretær for ungdomsrådet: malin.solheim.moldestad@sunnfjord.kommune.no