Søk om midlar frå ungdomsrådet innan 1. november

Ungdomsrådet vil bidra til auka aktivitet og trivsel for barn og ungdom i Sunnfjord kommune. Ungdomsrådsmidlane er ein enkel måte å søke om tilskot som kjem barn og ungdom til gode.


Ungdomsrådet sine midlar 

Ungdomsrådet får ein pengepott i årleg budsjett som dei skal fordele til gode tiltak for barn og ungdom i kommunen. I 2024 skal ungdomsrådet tildele 100 000 kroner.

Ungdomsrådet tildelte 50 000 kr i mai, så 50 000 blir delt ut i november.    

Kva kan du søke om støtte til?

  • Prosjekt for barn og ungdom 
  • Rusfrie arrangement eller aktivitetstiltak for barn og ungdom
  • Utstyr retta mot aktivitet for barn og ungdom
  • Andre tiltak som betrar oppvekstmiljøet for barn og ungdom

Midlane er retta mot mindre eingongsinvesteringar, ikkje generell drift.

Sjå meir informasjon om ungdomsrådet sine midlar 
 

Send søknad innan 1. november

Søknadsfristen er søndag er 5. november 2023. Bruk elektronisk søknadsskjema: 

Søknadsskjema for midlar frå ungdomsrådet

Krav til søknaden

  • informasjon om søkar 
  • skildring av tiltaket 
  • informasjon om finansiering av tiltaket 
  • myndig kontaktperson (dersom søkar er under 18 år)

Har du spørsmål? 

Send e-post til Malin Moldestad, sekretær for ungdomsrådet: malin.solheim.moldestad@sunnfjord.kommune.no