Skippertaket 2024

Eig du, eller kjenner du nokon som eig eit kystkulturminne som treng førstehjelp?

Søknadsfrist 1. april 2024

Om Skippertaket

Kvart år går fem av partnarane i Fjordkysten regional- og geopark saman om ein redningsaksjon for å redde eit trua kystkulturminne på dugnad.
Skippertaket er eit samarbeid mellom Jensbua Kystkultursenter, Nedre Jølster Bilelag, Norsk Kystkulturakademi, Ove Losnegård Snikkar & båtbyggjar, fortidsminneforeninga S&F og Fjordkysten regional- og geopark. 
Vi set av ei helg tidleg på sommaren der vi samlar ein god gjeng av handverkarar og frivillige for å redde ein bygning eller eit anna kystkulturminne i ein av medlemskommunane, slik at det ikkje dett ned eller blir øydelagt på anna vis . Det vert gjort avbøtande og livsforlengande tiltak fram til det kan bli sett i stand skikkeleg.

Send søknad innan 1. april 2024

Vi føreset at du som eigar lagar ein plan for korleis kulturminnet ditt skal leve vidare, og at du fullføre prosjektet etter at vi har redda det mellombels. Vi kan etter avtale bidra med å skrive søknad om midlar til tiltaket og eventuelle vidare istandsetjing. 

Eigar står for kost og losji for deltakarane i dugnaden.

Skriv nokre ord og legg ved bilete.

Send søknad

Har du spørsmål?

Kontaktpersonar:

Trude Søilen
E-post: post@fjordkystparken.no 

Ove Losnegård
E-post: post@ovelos
 

Meir Informasjon

Meir informasjon finn du på fjordkystparken.no/skippertaket–2024