Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak
Viksdalen skule og Viksdalen barnehage blir samlokalisert til eit oppveksttun ved Viksdalen skule så snart det er praktisk mogleg å gjennomføre. Kommunedirektøren vurderer når samlokaliseringa kan gjennomførast. Det blir avsett 400 000 kroner NOK til tiltaket. Tiltaket blir finansiert ved omdisponering av 400 000 kroner frå prosjekt 110088 tiltak for å møte innsparing og omstilling.
Bakgrunn
Viksdalen skule har elevar frå 1. - 10. trinn og skuleåret 2026–27 er det 36 elevar ved skulen. Det er vedteke i KST sak 17/25 punkt e at ungdomstrinnet ved Viksdalen skule blir flytta til Sande skule hausten 2029. Føresetnaden er at Sande skule er ferdig bygd og dersom skulen får ei elevtalsutvikling som gjev grunnlag for ein berekraftig ungdomsskule, skal saka vurderast på nytt.
Når ungdomstrinnet eventuelt blir flytta, vil elevtalet ved Viksdalen skule bli redusert til 17 skuleåret 2029–30. Det vil bli god plass til å etablere eit oppveksttun frå hausten 2029.
Bygg- og eigendomsforvaltning har sett på mogleighter for å etablerer eit oppveksttun før ei eventuell flytting av ungdomstrinnet. Det vil vere behov for å etablere midlertidige løysingar i bygget, for å få plass. I tillegg må uteområdet bli skjerma slik at det er eigna for barna i barnehagen.
Sjå alle dokument i saka om oppveksttun
Kostandar
Estimerte kostnader for å etablere oppveksttun er på 215 000 kroner. Kostnadane er eit estimat og kommunedirektøren meiner det bør setjast av 400 000 kroner til tiltaket for å fange opp behov som kan oppstå i prosessen.
Moglege positive effektar av oppveksttun
- Økonomiske effektar med felles leiing og sambruk av tilsette
- Utnytting av areal
- Utnytting av kompetanse
- Samanheng mellom barnehage, skule og SFO
- Felles SFO og barnehage
- Pedagogisk forankring og overgangar
- Ei meir robust eining enn to mindre einingar
- Insparing på grunn av færre leiarar og koordinering av ressursar.
Moglege ulemper ved å etablere oppveksttun
Ulempene som må vurderast har samanheng med tidpunktet for gjennomføring.
- Etablering av midlertidige lokale
- Skjerming av elevar ute og inne med eit stort spenn i alder
- Uro med mange elevar i ulik alder når mindre barn har behov for kvile og leik
- Høgare kostnad ved etablering før ungdomstrinnet eventuelt blir flytta i 2029
Kommunedirektøren si vurdering er at det bør etablerast eit oppveksstun i Viksdalen
Det er mange fordelar økonomisk, men og pedagogisk og fagleg. Det blir ei felles leiing og personalgruppa blir styrka med fleire tilsette. Kommunedirektøren ser dei praktiske utfordringane med å gjennomføre tiltaket før eventuelt ungdomstrinnet blir flytta. På grunn av heilskapen i problemstillinga, bør tiltaket likevel kunne gjennomførast tidlegare. Dei praktiske utfordringane må avklarast og arbeidast med før etablering. Kommunedirektøren vil difor tilrå at det blir etablert oppveksttun på Viksdalen skule og at tiltaket kan gjennomførast når ein har løyst dei praktiske utfordringane. For å etablere oppveksstun blir det sett av 400 000 kroner frå unytta budsjettert løyving på 4,7 mill. kroner inkl. mva til tiltak for å møte innsparing og omstilling.