Sak om barnehagestruktur vart utsett

I møte 11. juni utsette formannskapet saka om framtidig barnehagestruktur i Førde, saka blir lagt ut på høyring og politikarane bestilte meir utgreiing. 

Saka er ei oppfølging av kommunestyret sitt vedtak frå mars 2025, og inneheld både faglege vurderingar, kostnadsoverslag og forslag til nye løysingar for barnehagetilbodet i Førde.

Sjå saksutgreiing og vedlegg i saka.

Sjå opptak av orienteringa i formannskapet 11. juni

Behandling i formannskapet

I formannskapet vart det fremja ei fellesforslag frå alle partia om å utsette saka. Forslaget var basert på utvalet for oppvekst og kultur si innstilling, som òg ville utsette saka. 

Formannskapet sitt vedtak: 

Saka vert utsett og formannskapet gjennomfører synfaring i august.

Før saka kjem opp på nytt ber formannskapet om at følgjande tema vert særleg belyst: 

  • det må gjennomførast ei tilstandsvurdering av Flatene skule med anslag på kostnader til oppgradering
  • driftskostnadane ved administrasjonen sitt framlegg samanlikna med dagens situasjon må synleggjerast
  • investeringskostnader knytt til vidareføring av barnehagane Ytre Hafstad, Halbrend og Slåttebakkane skal utgreiast
  • den trafikale situasjonen skal greiast ut vidare
  • partane må involverast i den vidare prosessen

Saka vert lagt ut på høyring med høyringsfrist 01.09.2026.

Kommunedirektøren sitt forslag og vurderingar

gutt med leikeapparat M365 - Klikk for stort bilete

Flatene skule blir bygd om til storbarnehage

Kommunedirektøren tilrår at Flatene skule blir bygd om til ein barnehage med inntil 12 avdelingar. Barnehagen kan tidlegast stå klar til bruk frå 1. august 2028, avhengig av finansiering i økonomiplanen.

Den nye barnehagen skal erstatte:

  • Halbrend barnehage
  • Slåttebakkane barnehage
  • Ytre Hafstad barnehage

Planlegginga skal starte hausten 2026, og byggestart er tidlegast sett til hausten 2027. Kostnadsramma for ombygging er berekna til mellom 63,5 og 71,4 millionar kroner, i tillegg til trafikktiltak.

Barn og voksen ute - Klikk for stort bilete

Ny barnehage på Slåtten

Det blir òg foreslått å etablere ein ny barnehage med seks avdelingar på Slåtten, med mogleg oppstart frå august 2030. Denne skal erstatte:

  • Hatlehaugen barnehage
  • Vieåsen barnehage

Kostnaden for nybygg er estimert til 98 millionar kroner. Sal av eigedomar knytt til barnehagane som blir avvikla skal bidra til å finansiere investeringane.

 

Utgreiinga som ligg til grunn for saka omfattar både tilstandsrapportar, trafikkvurderingar, kostnadskalkylar og pedagogiske vurderingar. Kommunedirektøren peikar på at valet står mellom å oppgradere gamle bygg eller satse på nye, større og meir framtidsretta barnehagar.

Begge alternativa blir vurderte som gjennomførbare, men med ulike konsekvensar for økonomi, kvalitet og langsiktig berekraft.