Restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort

Formannskapet skal 14. august behandle forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i Sunnfjord kommune.

Bakgrunn for saka

Landbruksdirektoratet har utarbeidd ein rettleiar, for fastsetjing av forskrift for opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel.

Det vert der slått fast at ei eventuell forskrift må gjelde for heile kommunen. Vidare vart det lagt vekt på at ei forskrift om bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel føreset at det ligg føre kommunalt måldokument med mål for ønska bestandsutvikling. Direktoratet legg også til grunn at det må ligge føre mål om å avverge alvorleg skade. 

Sunnfjord kommune har hatt lokal forskrift på høyring. Det kom inn tretten høyringssvar. Det er blanding av privatpersonar, interesse- og grunneigarorganisasjonar som har gjeve fråsegn. Det er ikkje noko eintydig tilbakemelding i høve høyringsframlegget.


Sjå alle dokument i saka

 

Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak:

Sunnfjord kommune fastset med heimel i Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst §
29a., følgjande:

Forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt
på hjort i Sunnfjord kommune


§ 1 Opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel til hjortejakt i Sunnfjord
kommune

Det er opna for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt etter hjort i ope terreng, i Sunnfjord kommune. Ved ettersøk av påskoten hjort kan restlysforsterkande og termiske siktemiddel også nyttast utanfor ope terreng.

§ 2 Rapporteringsplikt for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel
Jegerar skal rapportere bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel, ved felling av
hjort, i Hjorteviltregisteret.

§ 3 Verknadsdato
Denne forskrifta trer i kraft 31.08.2026.

Kontakt

Profilbilde av Joar Helgheim
Joar Helgheim
Einingsleiar
Telefon 57 72 61 21

Arbeider med deling etter jordlova, konsesjon og vilt.