Pårørandekurs for pårørande til personar med demens

Kurset er gratis og går over fire kveldar.

Tid: 11. 18. 25. september og 2. oktober, klokka 18.00–21.00.
Stad: Førde omsorgssenter, Puben i 1. etasje
Påmeldingsfrist: 26. august

Tilbod til deg som har eit familiemedlem eller ven med demens- sjukdom

Personen med demens kan vere heimebuande eller bu på institusjon.
Gjennom faglege innlegg og gruppesamtalar får du kunnskap om demens. Du møter og andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.

Vi legg vekt på openheit i trygge omgivnader. Opplysningar som kjem fram, skal bli mellom deltakarane.

Tema for kurset

  • Kva er demens?
  • Kommunikasjon og samhandling v/Toril Mari Terum
  • Pårørandeerfaring og eigenomsorg
  • Hjelpemiddel og velferdsteknologi
  • Støtteordningar og tenester
  • Framtidsfullmakt v/advokat Mardal

Påmeldingsfrist og kontaktinformasjon

Påmeldingsfrist: 26. august 2024

Kontaktinformasjon for påmelding:

Informasjon

Demensteamet har ope kveldstilbod for personar med demens desse kveldane slik at pårørande får anledning til å delta på kurs. Behov må avklarast ved påmelding. Eventuell transport må også bli avklart.

Arrangør: Demenstema i Sunnfjord kommune