Opning av ny brannstasjon på Skei

Måndag 18. desember vart nye brannstasjonen på Skei opna ved ordførar Jenny Følling.

Tale ved ordførar Jenny Følling

I 2016 hadde Arbeidstilsynet eit landsomfattande postalt tilsyn med brannstasjonar der fokus var å fjerne eller redusere helserisiko for at brannmannskap og feiarar vart utsett for helsefarleg stoff. Eksisterande lokale til brannstasjon på Skei var av ein slik standard, at det vart bestemt at det skulle byggast ny brannstasjon. Dette mellom anna som fylgje av pålegg frå Arbeidstilsynet. 

Det vart utgreidd fleire alternative plasseringar til ny brannstasjon på Skei, noko som tok ein del tid. Ein landa etter kvart på at det ville vere gunstig å kjøpe eit areal av Firda Billag og kommunen gjekk inn ei avtale med Firda Billag om kjøp av tomt. 

Plasseringa er gunstig i høve utrykningstid for brannmannskapet, då dei fleste bur i nærleiken av brannstasjonen.

I Kommunestyresak 125/22, vart det fatta endeleg vedtak om bygging av Skei brannstasjon og brannstasjonen vart fullfinansiert.

Brannstasjonen på Skei kjem på ca. 25 millioner kroner

Det er svært viktig å ha ein framtidsretta, funksjonell og godt utrusta brannstasjon på Skei, då dette er eit trafikalt knutepunkt med mange lange tunellar og mykje trafikk. Vi har no bygd ein slik brannstasjon på Skei.

Jenny Følling held opningstale for nye brannstasjonen på Skei