Nytt ungdomsråd 2022-2023 Kommunestyret valde nye medlemmer og varamedlemmer i ungdomsrådet for perioden 2022-2023 i møte 22. september. Nye medlemmer i ungdomsrådet Medlemmene i ungdomsrådet er valde basert på innspel frå elevråda og organisasjonar som representerer ungdom i Sunnfjord kommune. Ungdomane er engasjerte og kare for å dele sine meiningar om utviklinga av kommunen. Sjå oversikt over medlemmer og varamedlemmer Val av leiar, nestleiar og sekretær I møtet i ungdmsrådet 17. oktober vart det valt ny leiar, nestleiar og sekretær. Wiktoria Bujnicka vart valt som leiar i ungdomsrådet Johannes Avedal vart valt som nestleiar i ungdomsrådet Ann Karin Solheim Rygg vart valt som sekretær i ungdomsrådet Frå venstre: Ann Karin Solheim Rygg, Wiktoria Bujnicka og Johannes Avedal Sist endra 19.10.2022 15.44