Nytt frå kommunedirektøren 8. september 2023

Vi vil – ei berekraftig samfunnsutvikling. Måndag må du hugse å stemme. Stafett for livet vert arrangert i Førde.

Vi vil – ei berekraftig samfunnsutvikling

Sunnfjord kommune har også i år søkt om midlar til berekraftig samfunnsutvikling, ein tilskotsordning frå Vestland fylkeskommune. Det er søkt på prosjekt som vi meiner skal bidra til at vi skal ha ein levande by og levande tettstader. Det skal vere innebygd med klima og miljøarbeid og bidra til sosial utjamning.

Vi har søkt på fleire prosjekt, som alle er forankra i samfunnsplanen vår. Vi skal skape gode kvardagsliv for innbyggarane i Sunnfjord. Her er målet og skape gode tilgjengelege lågterskel møteplassar for alle.

Grøderike Sunnfjord, dyrking, matkultur, nettverk og samskaping 

Vi vil utvikle og utfordre ideen om utnytting av byhagerom til lågterskel møteplassar, for slik å bidra til aktivitet og engasjement for menneske, dyr og insekt. Prosjektet skal skape attraktive hagerom for å dyrking, nettverksbygging, samskaping og matkultur. Tilbodet skal vere tilgjengeleg, ha universell utforming, vere inkluderande og nær der innbyggarane våre bur. Dette i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.

Levande skuleplassen Sande skule

I vidareutviklinga av Sande som attraktiv tettstad, har vi søkt om tilskot til å utvikle skuleplassen ved Sande skule. Skulen skal rehabiliterast og bli bygd om dette åre, og skuleplassen vil vi utvikle til å bli brukt av alle også utanom skuletid. Med mest mogleg gjenbruk av material frå rehabiliteringsprosessen, vil vi vise i praksis at vi er miljø og berekraftige. Vi vil også teste ut om dette kan vere ein måte å skape presedens i andre bygg -og rehabiliteringsprosjekt.

Viksdalen – moglegheitsstudie

Moglegheitsstudie for å skape eit boblande lokalsamfunn og for å vise kva vi kan få til på små plassar. Vi skal utvikle Vikja til ein attraktiv destinasjon for turisme og fritidsaktivitetar, noko som vil medverke til auka verdiskaping og styrking av den lokale økonomien. Utviklinga vil også skape attraktive lokale miljø for dagleglivet til fastbuande, samt gjere landsbyen meir attraktiv for tilflytting ved å etablere lokal næringsverksemd, fjernarbeidsplassar og tilby desentralisert utdanning og opplæring.

Stemma di er viktig for demokratiet

Ein kommune driv med mykje som er viktig for innbyggarane. Den same kommunen skal følgje dei vedtaka dei folkevalde fattar. Dei gjer det i ombodsrolla innbyggarane gir dei. Eit politisk vedtak er som drivstoff for ein motor. Vi treng dei for å styre, drive og utvikle kommunen vår. Kven skal gjere vedtak dei neste fire åra i Sunnfjord? Det avgjer du.

På valdagen måndag 11. september 2023 kan du stemme ved 10 ulike vallokale i Sunnfjord kommune:

Val 2021 - vallokale og opningstider
Stemmekrins Stemmelokale Opningstid
Førde Førdehuset, idrettshallen kl. 09.00–21.00
Sande Sande kyrkjelydshus kl. 12.00–20.00
Bygstad Bygstad skule, gymsal kl. 12.00–20.00
Skei Skei tenestetorg kl. 12.00–20.00
Vassenden Vassenden ungdomsskule, gymsal kl. 12.00–20.00
Naustdal Naustdal kyrkjelydshus kl. 12.00–20.00
Viksdalen Viksdalen skule, gymsal kl. 13.00–19.00
Holsen og Haukedalen Holsen skule, gymsal kl. 13.00–19.00
Dalen Dalen næringssenter kl. 13.00–19.00
Vevring Vevring skule, gymsal kl. 13.00–19.00

På valdagen må du vere manntalsført i Sunnfjord kommune for å stemme her, men du kan stemme ved det vallokalet som passar deg best.

Vallokala er universelt utforma og det vil vere valmedarbeidarar der som informerer deg om korleis du skal gå fram for å stemme.

Du må ha med legitimasjon, til dømes pass, førarkort (også digitalt) eller bankkort med bilde for å få stemme.

Om du har valkortet med deg, vil registreringa gå raskare, men det er ikkje eit krav.

Velkommen til å stemme ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023 – og godt val!

Stafett for livet – blir du med?

Mennesker på idrettsbane med ballongar - Klikk for stort bilete Stafett for livet

Til helga er det Kreftforeningen sin Stafett for livet, i Førde, og det er andre år på rad at Sunnfjord kommune er vertskommune for stafetten. Stafett for livet er ingen konkurranse, men eit omsorgsarrangement for å vise støtte til dei som er ramma av kreft, deira pårørande og etterlatne. Den varer eit heilt døgn frå kl.12 lørdag til kl. 12 søndag, for å symbolisere at kreft aldri tar pause for den som er kreftsjuk og dei pårørande. På Stafett for livet kan familie, venner, skular, foreiningar, arbeidsplassar og andre danne lag for nokon dei vil støtte eller minnast, eller gå på Kreftforeningen sitt opne lag.

Stafetten er driven av frivillige som legg ned ein stor innsats for å få til eit godt arrangement. Det vert eit allsidig program frå scena, og aktivitetar for barna. Under stafetten er det viktig med god mat og

drikke og Kokkelinja ved Førde vgs. saman med Norske kokkars Landsforeining stiller som frivillige her.

I fjor var stafetten ein suksess med over 1000 deltakarar, og vi håpar på ennå fleire i år. Det er allereie 40 lag påmelde og her er plass til fleire.

Frivillige som går saman - Klikk for stort bilete Stafett for livet

Meir om Stafett for livet

Denne helga går vi for deg som har eller har hatt kreft, dei vi har mista og dei mange pårørande og etterlatne. Vi trur dette vert eit fint arrangement, og vi skal gjere alt vi kan for at du skal få ei fin, god og trygg oppleving under arrangementet.

Helsing frivillige og Kreftforeningen

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66