Nytt frå kommunedirektøren 6. oktober 2023

Overskrifter denne veka; Folkevaldopplæring. Sunnfjordstein på veg til nytt regjeringskvartal.  Håper du tar del i innbyggarundersøking. No har vi fått på plass barnekoordinator.  Nye brannstasjonar tek form. Vi er med i eit spesielt forskingsprosjekt.  Møte med Sunnfjord idrettsråd. Naustdal ungdomsklubb 2 år og inn i nytt mellombels lokale. 

Opplæring for dei nye folkevalde 

PC skjerm og personar ved bord - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Onsdag vart det nyvalde kommunestyret konstituert.  Ordførar, varaordførar og kven som skal sitte i formannskap, råd og utval vart avklara. 

Allereie dagen etter var dei sama kalla inn til opplæring.  Nokre av medlemene har vore med i politisk arbeid i Sunnfjord kommune før.  Andre har hatt ombod i dei tidlegare samanslåingskommunane, og ei tredje gruppe er heilt nye og ikkje tatt del i folkevaldarbeid. 

Å få ein god start på det på politiske arbeidet er viktig.  Rammevilkåra rundt det å vere folkevald må vere klårt. Difor hadde vi ein gjennomgang av den politiske og administrative organiseringa av kommunen.  Presentasjon av kommunalsjefane og dei ulike sektorane i kommunen var del av det.  Likeså ei orientering om kor dei folkevalde finn sakene, innkalling og aktuelle reglemt og oppslagsverk til bruk i arbeidet. 

Noko av det fyrste nye folkevalde skal ta stilling til er å peike på kva planar dei vil kommunen skal arbeide med i denne periode.  Då er det greitt å vite korleis plansystemet i ein kommune eigentleg er.   

På same vis vil budsjett og økonomiplan stå sentralt.  Difor ein gjennomgang av korleis det arbeidet vert organisert også.   

Dette var den første opplæringa av dei nye folkevalde.  Den vil halde fram i dei råd og utval dei skal sitte i.  Det vert også to dagar i februar med ei meir spissa opplæring i saman med krefter i KS-systemet. 

Frå administrasjonen si side ønskjer vi dei nye folkevalde lykke til med det politiske arbeidet i Sunnfjord kommune. 

Stein frå Sunnfjord på veg til nytt regjeringskvartal 

Steinrøys - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Det nye regjeringskvartalet i Oslo er under bygging. Som ein del av utsmykkinga vil det bli nedfelt i bakken ei steinsamling på om lag 800 kvadratmeter.  Det skal skje på plassen som er oppkalla etter Johan Nygaardsvold. Det er den Berlin-baserte palestinske kunstnaren Jumana Manna som har fått oppdraget.  

I samband med kunstprosjektet er heile landet er invitert til samskaping i form av å sende inn stein frå vårt område.   

Sjølvsagt vert vi med! Frå Sunnfjord kommune vert steinen frå ein tidlegare leikeplass ved Førde Barneskule donert til prosjektet. Leikeplassen var i bruk frå seint 90-tal og fram til 2020.  Sjølve steinen er i frå eit lokalt steinuttak «Førde Granitt» i Førde. 

Steinen har vore lagra i påvente av å finne ein god gjenbruk og i dette prosjektet finn den sin plass. Så no er steinen på veg til hovudstaden.   

Ser du på bilete av steinen håper eg du også har forståing av at kommunedirektøren vart noko uroleg for transportkostnadane ved sendinga.  I alle fall om vi skulle lagt posten sine satsar til grunn.  Vi har heldigvis funne egna transport til oppdraget, og for ordens skuld; Sunnfjord kommune har ingen kostnadar med prosjektet.  

Håper du svarar på innbyggjarundersøkinga 

Som du las i stykket ovanfor har vi no fått nye folkevalde på plass.  Både politikarane og administrasjonen i kommunen ønskjer å utvikle Sunnfjord til ein betre kommune å bu i.   

Det er utruleg mykje som skjer i kommunen vår. Det er planar du kan gje innspel til og aktivitetar du kan vere med på. Ja, og så det er sjølvsagt alle tenestene vi i kommunen er her for yte til deg. Eg trur nok ikkje at det er mangel på informasjon om alt dette, men finn du fram til den? Er vi tydelege nok? Er det relevant for deg?  

Eg håpar du kan svare på nokre spørsmål. Vi vil no å undersøke nærmare noko av den digitale kommunikasjonen vi har med deg. Vi ønsker å bli betre, så dine svar er viktige for oss. Du brukar truleg om lag 5 minutt på å svare.  

Delta i undersøkinga 

Takk for at du tar del! 

Barnekoordinator på plass i kommunen 

For ei tid tilbake fekk vi ei endring i helse- og omsorgslova.  Det vart slått fast at kommunane skal ha ein barnekoordinator.  Vedkomande skal koordinere kommunen sin samla innsats overfor familie og born.  Vidare skal barnekoordinatoren ha oversikt og bidra til å ivareta kommunen sitt ansvar for å følgje opp og legge til rette for familie og barn.  EI tredje oppgåve går på at dei som treng det får informasjon og rettleiing om helse og omsorgstenester og eventuelt andre velferdstenester.   

Det er kjekt å melde at Monica Vik Hafstad byrja som barnekoordinator i kommunen vår 1. oktober .  Ho har sin arbeidsstad i tildelingseininga.  

Eg ønskjer Monica lykke til med det viktige arbeidet. 

Nye brannstasjonar tek form 

Bygningen brannstasjon på Skei - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Det er to nye brannstasjonar under bygging. På Vassenden og Skei. Bilete viser den nye stasjonen på Skei.  I førre veke hadde kommunedirektøren si leiargruppe synfaring der.  Prosjektleiar Per Raftevoll viste oss rundt og informerte om prosjektet.   

Som kommunedirektør syns eg det er kjekt å kunne tilby tilsette i brann og redning gode arbeidstilhøve.  Vi skal også vere klar over at desse to stasjonane ligg i kvar sin ende av ein akse kor det også oppstår trafikkulykker.  I slike tilfelle er ofte brann- og redningstenesta dei første av naudetatane på staden.  Når stasjonane såleis snart vert tekne i bruk vil dei og mannskapet bidra til å gjere Sunnfjord kommune til ein betre og sikrare kommune å bu i. 

Sunnfjord med i forsking- og utviklingsprosjekt om besluttingsstøtte til personar med utviklingshemming 

Personar som smiler - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Dyktige kollegaer frå Bu- og miljøtenestene i Førde deltok på ei samling om besluttingsstøtte til personar med utviklingshemming.  Samlinga var i Bergen denne veka.  

Besluttingsstøtte er prosessar som hjelper ein  med utviklingshemming å ta eiga avgjer, eller uttrykke eigne ønskjer og behov.  

Saman med andre fagfolk frå Vestlandet arbeider prosjektet med å utvikle eit rammeverk for besluttingsstøtte.  Det gjer dei i samarbeid med forskarar frå Senter for omsorgsforsking og Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester (USHT). Det er første gang eit slikt arbeid skjer i Norge.  Difor vert prosjektet følgd med stor interesse av blant andre Helsedirektoratet.  

Den tilsette som hjelper til med prosessen, skal formidle informasjon på ein forståeleg måte og gje oversikt over konsekvensane av ulike val, men også respektere den enkelte si avgjerd. Vidare er det sentralt at dei som støtter tenestemottakar også bistår med å gjennomføre og realisere avgjerda.  På samlingane fekk deltakarane opplæring i rammeverket og tilhøyrande prosessar. Dei fekk også diskutere og dele erfaringar med andre om besluttingsstøtte, utfordringar , suksessfaktorar og dilemma. 

Det er kjekt og godt at tilsette i bu- og miljøtenestene våre aukar kompetansen sin på denne måten. Det gjer til at vi kan yte betre tenester til dei som kanskje treng det aller mest. Lykke til i det vidare arbeidet! 

Møte med Sunnfjord idrettsråd 

Tidlegare i veka hadde kommunalsjefen for kultur og idrett Anita Nordheim møte med idrettsrådet i Sunnfjord.  Ho melder tilbake at det vart eit godt og nyttig møte for ein nytilsett kommunalsjef  

Idrettsråd er eit fellesorgan for alle idrettslaga i kommunen. Dei er organisert I Noregs idrettsforbund. Idrettsrådet jobbar for idretten i kommunen og er ein arena for samarbeid mellom laga, mellom laga og dei kommunale myndigheiter og mellom laga og idrettskretsen.  Det er såleis viktig at idrettsrådet og den politiske og administrative leiinga i kommunen både kjenner og møter kvarandre. 

Naustdal ungdomsklubb to år og inn i nytt mellombels lokale 

Personar som smiler og har bomster - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

 Då er Naustdal ungdomsklubb to år gamal.  Sjølvsagt markerer vi det.  Kommunalsjef Anita Nordheim delte ut blomar til personalet og kulturleiar Johan Bengtsson delte ut Twist til ungdomane, til stor åtgaum.  

Ungdomsklubben har vore ein suksess frå starten. Mellom 30 og 50 ungdomar møter kvar måndag og onsdag den er open. Klubben tilbyr ein rad av aktivitetar: bordtennis, biljard, e-sport, kafé, kiosk, lekserom, teikning, maling, hobbyverkstad og mykje meir.  

 Ungdomsklubben held til i kommunehuset som no er under ombygging. I framtida skal klubben bruke ein del av det som no er legesenter.  Då manglar dei lokale i ein ombyggingsperiode.  No er det i orden. Dei får eigen inngang og tilgang til ein del av Lunden barnehage. 

Sunnfjord kommune har ambisjonar om å utvikle ungdomsklubbar alle stader der det er ungdomsskular i framtida. Sunnfjord ungdomsråd har fremma tiltaket. 

Plan for helga? 

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje.  Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen

 

God helg til alle! 

Terje Heggheim 
Kommunedirektør 
 

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66