Nytt frå kommunedirektøren 6. juni 2025

Overskrifter denne veka: Lønsoppgjeret i hamn. Likevel nye lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Karsten Karlsen Sunde har fått advokatbevilling. Midlar til skulebibliotek. Nytt rom for vigsel. Ny innbyggarapp.

Lønsoppgjeret i hamn

Det vart heldig nok ingen streik i samband med lønsoppgjeret i år.

Fagforbundet varsla plassoppseiing for 37 tilsette frå den 28. mai og FO for 8. Frå den 3. juni ville Fagforbundet ta ut ytterlegare 150 tilsette. Det ville skapt store utfordringar for deler av drifta i kommunen. No blei partane samde i meklinga, kor LO og YS slutta seg til avtalen KS inngikk med Unio og Akademikarane i forhandlingane.

Det er då framleis ein likelydande tariffavtale i KS’ tariffområde. Resultatet har ei ramme på 4,4 prosent, på linje med frontfaget i industrien. Lønstillegga vert gitt frå 1. mai 2025 og varierer mellom 14 500 kroner og 21 200 kroner, avhengig av utdanning og ansiennitet.

Meklingsløysinga tilseier i tillegg at tilsette i stillingar utan krav til utdanning får 1 200 kroner i lønsauke frå 1. januar 2026, og andre stillingsgrupper får 1 300 kroner frå same dato.  

Utbetaling av ny løn for tilsette i lønskapittel 4, vil truleg skje i juli-løna.

For tilsette i lønskapittel 3 og 5, vert det lokale lønsforhandlingar den 29. september og 1. oktober 2025.

Likevel lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget

Kommunen har vore gjennom tunge prosessar i skule og barnehage denne våren. Det har difor ikkje vore mogleg for oss å kunne ta inn lærlingar i den fasen. Sunnfjord kommune ønskjer å ta inn lærlingar og det er viktig for oss som kommune med tanke på rekruttering og utvikling. Ikkje minst er det viktig for samfunnet, vidaregåande opplæring og elevane som har behov for lærlingplass.

Vi har no funne rom for å ta inn 3 lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget frå hausten 2025. Vi ser fram til at dei kan starte opp i Sunnfjord kommune.  

Karsten Karlsen Sunde - Klikk for stort bilete Reiakvam foto

Karsten Karlsen Sunde har fått advokatbevilling 

Karsten Karlsen Sunde fekk advokatbevilling den 28. mai 2025. For å få advokatbevilling må du ha utdanning som jurist, minst to års praksis som advokatfullmektig eller dommarfullmektig, bestå eit særskilt advokatkurs og prosedere tre rettssaker. Karsten har tidlegare vore advokatfullmektig i Deloitte og PWC, før han vart tilsett hjå  Kommune-advokaten i 2022. Han prosederte sin tredje sak i januar, og oppfylte med det vilkåra for advokatbevilling.

Eg er særs nøgd med at vi no har to dyktige hjå kommuneadvokaten som begge har bevilling – og gratulerer Karsten spesielt i denne helsinga!

Midlar til skulebibliotek

I 2024 søkte Sunnfjord kommune om midlar til skulebibliotek og fekk tildelt 1,8 millionar kroner. I år søkte vi på nytt og fekk tildelt 2 millionar kroner. Samla sett har vi eit svært godt grunnlag til å utvikle skulebiblioteka i Sunnfjord kommune i samarbeid med folkebiblioteket.

Midlane skal nyttast til ressursar og vidareføring av driftsavtalen med biblioteket, forsterke arbeidet med ressursar på skulane, kompetansetiltak og formidling. Skulebiblioteket har ei viktig rolle i opplæringa som formidlar og utvikling av lesekompetanse og leseglede. I vår digitale verden med mykje skjermtid er bøker og leseglede særs viktig.

Sunnfjord kommune er glad for at vi har fått tildelt desse midlane frå Utdanningsdirektoratet, slik at vi verkeleg får sett fokus på å utvikle skulebiblioteket vidare.

Vigselsrom - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Nytt vigselsrom

Vi har gleda av å informere om at frå og med 1. juni har Sunnfjord kommune fått nytt vigselsrom – ei økonomisk smart løysing for kommunen.

Å gifte seg skal skje i verdige rammer. Vi har alltid lagt vekk på det. Då vi fekk melding om at vi ikkje lenger kunne nytte det flotte rommet vi hadde i Hafstadgården, måtte vi søke nye løysingar. Ved å bruke eige lokale i Førdehuset, vil kommunen ha ei årleg innsparing på 100 000 kroner. Det er framleis lagt vekt på at ramma skal vere både flott og verdig.

 

Innbyggarapp

App utsnitt Innocode. - Klikk for stort bilete Innocode

I går torsdag 5. juni lanserte vi innbyggarappen. Den vart presentert i formannskapet. Det blir også lagt ut informasjon på nettsida med deling i ulike kanalar i løpet av dagane framover. Dei tilsette har alt hatt tilgang på appen ei stund. Nesten 500 har lasta den ned. Vi har også vore i dialog med fleire arrangørar og Sunnfjord Utvikling.

 

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom:

 

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66