Kurs i førebuing til pensjonsalderen

Pensjonsrettar og kva vi får i pensjon opptar oss alle i stadig større grad. Onsdag 20. november arrangerte kommunen sitt årlege kurs «Førebuing til pensjonsalderen» for om lag 40 tilsette født i 1963 og 1964.
Anders Austrheim frå KLP tok oss igjennom den nye pensjonsreforma og kva det betyr for den einskilde. Malin Pedersen også frå KLP snakka om «Det gode liv/arbeidsliv i eit seniorperspektiv» mens tilsette frå aktivitetseininga informerte om frivillig arbeid i kommunen her under Frisk liv og frisklivsenteret. Sist men ikkje minst, så blei møtedeltakarane informert om status i utarbeiding av kommunen sin eigen seniorpolitikk. Dette blei formidla av Margun Selvik som sitt i arbeidsgruppa som arbeider med temaet.
Vi har fått ein pensjonsreform som gir tilsette født i 1963 og yngre, andre pensjonsordningar enn dei tidlegare årskulla. Det mest spesielle er at du no grovt sett kan ta ut pensjon samtidig som du arbeider så mykje som du ønsker. Tidlegare hadde det sine store avgrensingar. Det betyr mellom anna at pensjonistløn ikkje er aktuelt for desse årskulla.
Sunnfjord med i avtale om ein meir demensvennleg kommune
Sunnfjord kommune og Nasjonalforeningen for folkehelse har den 04.12.2024, signert samarbeidsavtale om å skape eit meir demensvennleg samfunn i Sunnfjord kommune. Føremålet med denne avtalen er at kommunen ønsker å legge til rette for at personar med demens opplever meistring og inkludering. I eit demensvennleg samfunn blir personar med demens møtte med forståing, respekt og støtte og får delta i kvardagsaktivitetar som til dømes å handle, bruke offentleg transport og delta på kulturarrangement.
Utvalet for helse og omsorg var med på signeringa. Signeringa skjedde på rådhuset. Det var ordførar Jenny Følling og dei lokale representantane frå Nasjonalforeningen for folkehelse Jorunn Kirketeig og Astrid Støfringsdal som gjennomførte signeringa.
Naudsynte endringar i barnehageopptak
Lova seier at barn som er født før 1. desember og som har søkt innan fristen for barnehageopptak, har lovfesta rett til barnehageplass . Av omsyn til barnehagesektoren sitt innsparingskrav og Sunnfjord kommune sin økonomiske situasjon gjer vi ei førebels endring i kontinuerleg barnehageopptak. Endringa inneber at vi berre tek inn barn med lovfesta rett, og vi tek inn barn der det er ledig kapasitet utan å måtte tilsetje personale
Sunnfjord kommune har praktisert at dei som søker barnehageplass har fått plass. Ikkje berre ved hovudopptak, men gjennom heile året tilpassa foreldre sitt behov. Dette er eit tilbod som kjem foreldra til gode, men det har ein svært høg kostnad for Sunnfjord kommune.
Kostnaden er høg fordi kontinuerleg barnehageopptak fører til at barnehagesektoren må tilpasse bemanning etter tal barn, og gjere tilsetjingar for å stette krav til bemanning og pedagogtettleik. Barn som startar etter 15.desember får vi ikkje tilskot til før året etter og 0-åringar som får tilbod får vi ikkje tilskot for.
Så kan det vere at du som les no spør, men er det ikkje eit politisk vedtak som seier at vi skal ha eit kontinuerleg opptak. Jau, det er rett, men denne endringa er innanfor vedtaket om kontinuerleg barnehageopptak. I tillegg handterer vi kontinuerleg barnehageopptak i tråd med gjeldande vedtekter for barnehage.
Trafikktryggingsprisen til Vassenden skule

Stolt og glad rektor Anne Cecilie Kapstad vart invitert til Bergen for å ta imot prisen på vegne av Vassenden skule. Prisen vart overlevert av Arve Helle, leiar av Hovudutval for samferdsel og mobilitet og Trafikktryggingsutvalet i Vestland Fylkeskommune. Prisen går til nokon som har gjort ein særleg innsats i trafikksikringsarbeidet i fylket. Og denne gang var det Vassenden skule sitt arbeid med Hjartesona som vart lagt merke til. Sidan det er desember og julegensertid på skulen, tok rektor imot prisen som skulen sin representant i julegenser på Vestlandshuset. Det skapte ekstra god stemning under prisutdelinga.
I fleire år har skulen jobba systematisk med Hjartesona. Det var Skulemiljøutvalet, der både FAU, elevråd, tilsette og politisk representant er medlem, som starta opp arbeidet. Skulemiljøutvalet har vore pådrivarane og sentrale i arbeidet og skal vere med å ta stor del av ære for at skulen får prisen. Skulemiljøutvalet har følgt opp arbeidet over tid, og det har gitt resultat! Saman med prisen får skulen 50 000 kroner. Pengane skal brukast til å følge opp skulen sitt trafikktryggingstiltak for elevane enno betre. Og då er undervisning noko av det viktigaste vi gjer!
Les meir om Trafikktryggingsprisen til Vassenden skule
Jul i gamle dagar - Sogekveld på Førde bibliotek

Årbøker, sogeskrift, sogehefte, historieskrift – kjært barn har mange namn. I Sunnfjord kommune er vi så heldige å ha mange lokalhistoriske blad. Dei vert gjerne publisert på seinhausten og er populært lesestoff i førjulstida. Rundt om i kommunen sit det engasjerte personar som samlar inn historier, leitar i arkiv og skriv om nær- og eldre fortid. Tema i blada varierer; det kan vere om einskildpersonar, tradisjonar, spesielle hendingar, utvandring eller krigshistorie.
Måndag 2. desember var det “Sogekveld på Førde bibliotek”, med presentasjon av alle sogeblada i kommunen, høgtlesing, gløgg og julekaker. Det vart ei skikkeleg triveleg stund! Hugs at biblioteka har mykje lokalhistorisk litteratur som du kan låne.
Dei lokalhistoriske tidsskrifta som var presentert:
- Førde historieskrift, Førde historielag
- Sogehefte for Gaular, Gaular sogelag
- Jølst, Jølster mållag
- Sogeskrift for Naustdal, Naustdal sogelag
- Jul i Sunnfjord, Sogn og Fjordane ungdomslag
Plan for helga?
Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!
God helg alle!
Terje Heggheim
Kommunedirektør