Trafikktryggingsprisen 2024 til Vassenden skule!På Trafikktryggingskonferansen i dag fekk Vassenden skule Vestland Fylkeskommune sin trafikktryggingspris 2024!Stolt og glad rektor Anne Cecilie Kapstad vart invitert til Bergen for å ta imot prisen på vegne av Vassenden skule. Prisen vart overlevert av Arve Helle, leiar av Hovudutval for samferdsel og mobilitet og Trafikktryggingsutvalet i Vestland Fylkeskommune. Prisen går til nokon som har gjort ein særleg innsats i trafikksikringsarbeidet i fylket. Og denne gang var det Vassenden skule sitt arbeid med Hjartesona som vart lagt merke til. Sidan det er desember og julegensertid på skulen, tok rektor imot prisen som skulen sin representant i julegenser på Vestlandshuset. Det skapte ekstra god stemning under prisutdelinga. I fleire år har skulen jobba systematisk med Hjartesona. Det var Skulemiljøutvalet, der både FAU, elevråd, tilsette og politisk representant er medlem som starta opp arbeidet. Skulemiljøutvalet har vore pådrivarane og sentrale i arbeidet og skal vere med å ta stor del av ære for at skulen får prisen. Skulemiljøutvalet har følgt opp arbeidet over tid, og det har gitt resultat! Saman med prisen får skulen 50 000 kroner. Pengane skal brukast til å følgje opp skulen sitt trafikktryggingstiltak for elevane enno betre. Og då er undervisning noko av det viktigaste vi gjer!Her kan du lese omVestland fylkeskommune – Trafikktryggingspris til Vassenden skuleNokre stikkord av arbeidet Vassenden skule har jobba fram i Hjartesonearbeidet:Tverrfagleg synfaring av skulen sitt tilkomstområdeRedusert farten på fylkesveg i Nikolai Astrups med 40-sone (fartsgrense og farstdumpar)Redusert fart til 30- sone forbi både barneskulen og ungdomsskulen (kommunal veg)Skilting av gangvegar ved skulenHaldning om å rygge inn på parkeringa (tilsette og foreldre)Færre bilar opp til skulen (tilkomstsone og bygg) både kveldstid og i skuletid (24/7-prinsippet)Informasjonsarbeid ut til foreldre, elevar, tilsette og lokalsamfunn (lag og organisasjonar)Trafikkopplæring av elevar der valfaget gir opplæring til yngre elevarInnkjøp av utstyr og materiell til opplæring i trafikk for elevaneGjere skulevegen tryggare for gåande og syklande = motivere til å gå og sykle, redusere foreldrekøyringStyrka samarbeid internt i kommunen mellom skulen, bygg- og eigedom og avdeling med ansvar for vegOversikt over trafikale utfordringar på skulen, kan arbeide meir systematisk med planarbeidet og økonomiske tiltakSikring av farleg vegkryss ved Jølstra ligg inne som plan, og vil bli utbetra i 2025Hjartesona til Vassenden var viktig for at Hjartesone er blitt del av kommunen sitt trafikktryggingsarbeid (kommunal plan)Etter brev frå ein av våre elevar til Statsministeren fekk vi tryggare overgang av E39 på Vassenden ved Coopen