Nytt frå kommunedirektøren 5. mai 2023

Eit kort nyhendebrev i dag. Litt om lønsoppgjeret. Du vert invitert til ryddedugnad i Førde. Kort status om flyktningesituasjonen.

Lønsoppgjeret 2023 i kommunal sektor

Som du sikkert fekk med deg, så blei partane sentralt samde om lønsoppgjeret i kommunal sektor. Det er eg svært glad for og ikkje minst at vi unngikk ein potensiell streik.

Resultatet blei ei ramme på 5,4% frå 1.5.2023. Det betyr ikkje at alle får ein lønsauke på 5,4 %. Kva dette betyr i lønsauke for den einskilde, så er det avhengig av kva type stilling du har. Lærar, sjukepleiarar, barnehagelærar, fagarbeidarar, assistentar m.v som tilhøyrar det såkalla kapittel 4 i hovudtariffavtalen (HTA), får ein lønsauke på si garantiløn avhengig av stilling og ansiennitet. Kva den nye garantiløna vert, ser du i tabellen her. (PDF, 152 kB)

For desse vil ny løn bli utbetalt på mai-løn.

Det vert ikkje lokale forhandlingar for denne gruppa i år, men partane sentralt er samde om at det skal gjennomførast som ein del av lønsoppgjeret i i 2024.

Ingeniørar, legar, rådgivarar m.v som tilhøyrar HTA kapittel 5, vil derimot få fastsett si løn lokalt i Sunnfjord kommune. Det vil skje i veke 39. Det same gjeld einingsleiarar og assisterande einingsleiarar i HTA kapittel 3.

Vert du med på ryddedugnad i Førde?

Det vert no investert for fleirfaldige milliardar i og rundt Førde sentrum. Vår og sommar er i kjømda. Då vil vi ha det fint rundt oss, og vi ønskjer at alle skal oppleve ein fin og velstelt by.

Sunnfjord kommune, Førde industri og næringssamskipnad (FINS), Førde pensjonistlag, naturvernforbundet med fleire har difor tatt initiativ til å pynte opp Førde sentrum for vår- og sommarsesongen. Det skal vi gjere gjennom ein felles dugnad onsdag 10 mai kl. 16.00-20.00 i heile Førde sentrum. Sentrum vert i denne samanheng definert som området mellom Hornneskletten og Slåttebakkane i VEST til Vieåsen i AUST.

Eg håper at tilsette og folkevalde tek del i dugnaden i det området som passar deg.

Alle er hjarteleg velkomne og vi oppfordrar unge og gamle, bedrifter og privatpersonar, organisasjonar og lag i alle variantar og alle andre som er glade i Førde til å delta..

FINS har laga til ei påmeldingsside. Den finn du her.

Vi deler opp sentrum i fem ulike områder og det er ulike oppmøteplassar for kvart område. I påmeldinga ber vi også om at alle melder inn kva område dei vil møte opp på, slik at vi kan koordinere arbeidet best mogeleg. Ryddeteigen vert delt opp i følgjande områder:

A: Horneskletten – Ytre Øyrane, følgjer nordsida av Jølstra til Gåsøyra

B: Slåttebakkane – Halbrend – Flatene til Haftsadvegen

C: Førde sentrum

D: Hafstad – Bruland

E: Langebruvegen – Kviebakkane – Bergstad – Rennekleiva til Vieåsen

Kartutsnitt som viser sentrum delt inn i dei fem ulike områda. - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I denne linken finn du meir informasjon om oppmøteplass og kva som kan være nyttig at du tar med sjølv.

Sett av nokre timar og bli med på dugnad denne ettermiddagen!

Kort status om busetting av flyktningar

Det er fram til no busett 200 flyktningar i kommunen. 153 i fjor og resten så langt i år. Av desse går 140 i introduksjonsprogram. Desse høge busettingstala gjer til at vi må dimensjonere tenestene våre deretter. Vi treng både programrådgjevarar og lærarar. Vi vil difor gjennomføre rekruttering til desse tenestene

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør
 

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66