Nytt frå kommunedirektøren 31. mars 2023

Tysdagskvelden hadde vi eit godt møte med over 70 representantar frå næringslivet. Oxford Research med gladmelding om NAV-prosjekt. Tomteselskapet sel attraktive tomter i Farsundfeltet. Takk for arbeidet med klart språk. Det var programkveld på Sunde skule. Treng du skiutstyr til påske? I kveld kan du sjå Vassenden skule i Klassequizen på NRK 1. Eg har sett lyset – for ein kulturkveld! Du kan finne mange gode kulturtilbod i helga.

Eit møte med næringslivet som motiverer oss til å bli enda betre

For snart to år sidan var det eit møte mellom næringslivet sine representantar og kommunen. Ikkje noko særleg kjekt møte, sett frå vår side. Bransjen meinte kommunen måtte bli betre på spesielt tre område. Det gjekk på korleis dei vart møtt når dei tok kontakt med kommunen. Det andre handla om kvaliteten på sakshandsaminga. Det tredje om korleis vi snakka med og til næringslivet. Kjernen sett frå bransjen si side var den gangen at kommunen hadde eit betydeleg forbetringspotensiale. For enkelte var dette tungt å ta innover seg, men samstundes måtte vi erkjenne at slik kan vi ikkje ha det. Kommunen var ung, og vi hadde to år med pandemi bak oss. To år vi skulle bygge den nye organisasjonen og få på plass både visjon, verdiar og ein ny organisasjonskultur. Men, vi fekk ikkje jobbe godt nok med dette grunna pandemien. Skal vi arbeide med å bygge ein ny kultur er det naudsynt at menneska i organisasjonen kan møtast og snakke saman. Det fekk jo vi ikkje gjort under pandemien.

Likevel tok dåverande kommunedirektør, Ole John Østenstad og plansjef Odd Harry Strømsli fatt i utfordringane med ein gang. Kommunalsjef for teknisk og miljø Jan-Inge Hage inkluderte alle einingane innan sitt ansvarsområde i ein prosess som Anne Mette Hjelle leia avdelingane og dei tilsette gjennom.

Tysdag kveld møtte vi over 70 representantar for næringslivet og fortalde om korleis vi har arbeidd med dei tema som dei meinte vi burde bli flinkare på. Eg har vore kommunedirektør sidan sommaren i fjor, og arbeidet var godt i gang då eg tok over vakta. Eg opplever ei planavdeling som ønskjer å bli betre på dei tre emna. Det same gjeld landbruk og miljø og teknisk drift. Då var det kjekt å høyre at enkelte tok til ordet for at dei meiner kommunen har utvikla seg positivt. Det skal vi halde fram med – for vi er ikkje i mål. Det fekk vi også stadfesta i møte. Det er framleis tilbakemeldingar med eit innhald som gjer til at utviklingsarbeidet skal halde fram.

Dersom vi ser på kva som kjenneteiknar kommunar og regionar som lukkast med ei drivande utvikling, så er nettopp tilhøvet mellom kommunen sin administrasjon, politiske organ og næringslivet ein av dei viktigaste forklaringane. Om du i tillegg tar med frivillige lag og organisasjonar i samarbeidet, har du eit enda betre grunnlag. Når alle desse aktørane står samla om dei nære og langsiktige måla, viser det seg at vi får den utviklinga vi ønskjer. Eg vil gjerne vere direktør i ein kommune som gjer sin del for å lukkast.

Oxford Research med gladmelding om NAV-prosjekt

Igjen, for vel to år sidan då Ole John var kommunedirektør i Sunnfjord og eg i Kinn, vart det starta opp eit utviklingsprosjekt om betre oppfølging av sjukemelde i Sunnfjord. Alle sunnfjordkommunane er med i prosjektet. Som eit resultat av sjølve prosjektet vart det etablert ei eiga avdeling for oppfølging av sjukemeldte. Det er ofte slik at når du deltek eller har ansvaret for eit prosjekt, så kan vi av og til bli litt blinde for korleis det eigentleg går med det. Då kan det vere rett å be andre om å vurdere både resultat og sterke og svake sider ved sjølve prosjektet. Det har vi gjort.

Onsdag hadde vi ein gjennomgang av ein førebels rapport som Oxford Research har utarbeidd. Oxford Research er eit nordisk analyseselskap innan nærings- og regionalutvikling, forsking, og velferds- og utdanningspolitikk. No har dei evaluert prosjektet vårt og sett på korleis den nye avdelinga for oppfølging av sjukemeldte fungerer. Det vart ein hyggeleg time.

Kjernen i rapporten er at både sjukemeldte og arbeidsgjevarar i regionen opplever ei betre oppfølging etter at avdelinga vart etablert. Med betre oppfølging vil jo også sjølve sjukefråværet på sikt bli lågare. Det er kan hende det viktigaste, for som avdelingsleiar Karen Marie Reiakvam sa; «det er ingen å hente på reservebenken». Kampen om arbeidskrafta er stor og vi må få sjukemelde friske og hente inn dei som står utanfor arbeidslivet for å lukkast. I ei spørjeundersøking blant arbeidsgjevarane kan vi sjå at det er fleire som no ringer og følgjer opp den sjukemelde. Flott!

Om sjølve prosjektet seier analyseselskapet at samarbeidet om den nye avdelinga har fungert godt og den har hatt med seg leiarar frå NAV som vil kvarandre vel og oppnå felles resultat. Med ei eiga avdeling har tenesta vorten mindre sårbar til dømes i tilfelle med eigne sjukemeldingar eller anna fråvær. Då har andre i avdelinga kunne følgje opp.

Rapporten inneheld mykje som vi også kan arbeide vidare med. I arbeidet med å utvikle Sunnfjordregionen til noko betre kan også dette arbeidet ha eit viktig bidrag. Eg vil takke tilsette i prosjektet og den nye avdelinga for den måten de har løyst oppgåvene på så langt, og for den måten de vil ta det vidare på.

Attraktive tomter i Farsundfeltet

Kommunedirektør Terje Heggheim trekker lodd. loddtrekning av tomt 129 i Farsundfeltet. - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Torsdag hadde vi loddtrekning av tomt 129 i Farsundfeltet.

Når vi legg ut nye bustadfelt er det ein frist på 3 veker. Då kan kjøparar melde si interesse og sette seg på tildelingsliste. Er det fleire som vil kjøpe same tomt må vi gjennomføre loddtrekning.

Då fristen var ute i dag for å melde si interesse, var det seks kjøparar som fekk den tomta dei ville ha. Ein fekk tilbod om andre valet sitt.Det er jo ein god start på eit nytt bustadfelt i Førde!

 

 

Takk for arbeidet med Klart språk!

Ordførar Jenny Følling og Malin Moldestad - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Vi starta veka med gladmeldinga om at kommunen vår fekk Språkrådet sin pris for Klart språk. Det gjer noko med oss, når vi vert kåra til å vere best i landet. Sjølv syns eg koplinga mellom godt språk og lokaldemokrati er ein steikande god tanke. Korleis kan vi forvente engasjement og deltaking når det vi snakkar om, ikkje vert forstått? Eg vil gratulere og takke alle dei som har arbeidd godt med den oppgåva og satsinga. Difor var det også kjekt å vere med på å dele ut ein blomebukett til arbeidsgruppa som har jobba godt med det temaet. Det skjedde under kommunestyret sitt møte tidlegare i dag. Arbeidsgruppa sin leiar kunne ikkje møte, så Malin Moldestad som sit i arbeidsgruppa tok i mot blomane på vegner av dei andre i gruppa. Vi gratulerer og takkar dei for det flotte arbeidet.

 

Programkveld på Sunde skule

Ordførar og administrasjonen var invitert til programkveld på Sunde skule. Ein dag i året, går elevane lydlaust i gongane. Det er den dagen det er slik programkveld. I år er den raude tråden barnebøker, og med rektor i framsetet, som bestemor vel å merke, startar det eine innslaget etter det andre på scena. Bestemor saman med sine to barnebarn sit på scenekanten og snakkar om barnebøker og barnesongar. Slik sydde dei innslaga saman på ein fin måte.

Klokka slår 10 og salen er fylt med besøk frå besteforeldre, søsken, naboar i grenda og frå barnehagen ved sidan av. Det er klart for første førestilling. På scena dukkar den eine karakteren opp etter den andre, det er song, dans, dramatisering og film. Avslutta med jublande applaus.Etter innslaga på scena var det saft, kaffi, kaker og boller som foreldre har baka. På kjøkkenet sto FAU og organiserte dette saman med flittige 7.klassingar som passa på at det var nok til alle. I gongane kunne ein gå kunstrunde å sjå på flotte kunstverk, drikke kaffi og prate saman.

På Sunde skule er slagordet «på same lag». Og dette er ein slik dag, der elevar, skule og foreldre jobbar saman for å få dette til. Klokka 18 brakar det laust igjen, med foreldre som publikum. Like stor applaus, og like gode kaker. Eg syns det er flott at vi har slike gode tiltak i regi av skulane våre.

Treng du skiutstyr til påske, vi kan hjelpe deg

Det er vel tre veker sidan no. Eg skulle prøve meg i skianlegget på Langeland. Las skiltinga noko fort, men gjekk inn på ei løype eg meinte skulle vere 2,3 kilometer. Etter 14 år i Forsvaret meiner eg å ha noko kunnskap om distansar, også på ski. Eg las feil, det var 23 kilometer. Eg gjekk på dei smørefrie skia eg kjøpte, eg trur det var i 1997. Eg gjekk og gjekk, fleire og fleire passerte meg. Lyden av skia sitt møte med underlaget minna meg om to ting. For det første at eg tidlegare i veka hadde tatt Bybanen i Bergen. For det andre; denne ulande lyden fekk meg til å reflektere over om eg trengde øyrevarmarar eller hørselvern. Eg skjøna jo fort at eg ikkje kunne halde fram som ei sirene i skiløypa. So eg stogga og slapp alle forbi meg. Eg var glad eg kunne spenne av meg skia før anlegget stengde for kvelden. Eg hadde behov for nytt utsyr og heldigvis kan eg teste noko av det ved å låne utstyr på BUA. Det kan du òg. Om du treng noko no i påska.

Etter å ha testa noko utsyr gjekk eg og kjøpte meg nye ski. Dei eg testa kan BUA låne ut til nokon som treng det. Dei jobbar for at born og unge skal få prøve fleire og meir varierte aktivitetar. Føremålet er å bidra til auka deltaking i helsefremmande aktivitetar, uavhengig av status. Der kan du låne langrennsski, alpinski, fjellski, truger, telt, redningsvest, sovepose, syklar og mykje meir. Alt du treng er å lage deg ein låneprofil (www.bua.no/registrer) og stikke innom BUA i opningstidene; tysdagar kl. 15-18 og torsdagar kl. 12-15. Du kan låne i inntil ei veke av gongen, og alt er gratis! Enkelt, gratis og berekraftig.

I kveld kan du sjå Vassenden skule på NRK 1

I kveld skal eg sjå på NRK 1. Der er Vassenden skule sitt lag med i semifinalen i Klassequizen. For ei stund sidan reiste dei fire elevane og ein lærar frå 10. klasse til Oslo for å spele inn programmet. I kveld kan vi sjå det i fjernsynet.

Eg håper det går bra og oppmodar sunnfjordingen om å sjå på NRK 1 kl. 20.05 i kveld.

Eg har sett lyset. For ein kulturkveld!

Fem personar syng på scena, med mørk bakgrunn. - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Eg har sett lyset! Eg såg det i går kveld, i Førdehuset.

Sunnfjord kulturskule hadde vårframsyninga LYS. Over 130 elevar og lærarar samarbeidde om å skape ei poetisk, visuell og vakker framsyning. Og det vart det. Mars er den første vårmånaden og under framsyninga vart det feira lys i alle slags former. Den raude tråden i framsyninga følgde lyset gjennom ein enkelt dag. Publikum fekk oppleve skuggeteater, nordlys, måneskinn og blåtime. Når sola vender attende etter ein lang vinter, gjer det noko med oss.

Elevar og lærarar har jobba med denne produksjonen sidan jul og øvt med sjølvlysande trommestikker, støypt gipsmasker, laga flotte visuelle effektar og sunge og spelt heime og på kulturskuleøvingane. Det er spesielt kjekt denne gongen at Sunnfjord kulturskule har fått starta eit teatertilbod med 70 elevar. Nokre av dei hadde oppgåver på scena. Læraren deira Greta Pemberton har stått for regien.

Kulturskulen er stolte av elevane sine! Og vi er alle stolte av Kulturskulen.

Kulturtilbod i helga

I helga skal eg få med meg Peter Pan-framsyninga til Teater Vestland i Førdehuset. Har du sjølv bestemt deg for kva du skal gjere. Det skjer mykje, finn ut kva i Aktivitetskalenderen for Sunnfjord!

Neste nyhendebrev kjem fredag 14. april.

God påske til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66