Nytt frå kommunedirektøren 30. juni 2023

Opning av Torsheim-galleri i Kalvåg. Sunnfjord utvikling si rolle og framtid. Tilsette på rådhuset tok turen til Florø. Sunnfjord deltok på Norges største arena for kulturpolitikk. Takk til dei frivillige! Blir du med på Laksen-dugnad måndag 3. juli? Er du 75 år og ønskjer eit førebyggande heimebesøk? Sunnfjord kommune betaler tilbake noko av gebyra. God sommar!

Opning av Torsheim-galleri i Kalvåg

Bilde av Oddvar Torsheim - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Onsdag denne veka var ordføraren og eg invitert til opning av det nye galleriet med Oddvar Torsheim sine bilete, i Kalvåg. Det var rundt 400 som hadde tatt turen til opninga denne onsdagskvelden.

Oddvar leverte mykje av seg sjølv både gjennom intervju og song. Dei tre ordførarane frå Bremanger, Kinn og Sunnfjord helste både initiativtakarane Fosse og kunstnaren sjølv.

Sjølvsagt skulle vi ønskje at eit slikt galleri vart opna i Oddvar sin eigen heimkommune, men det viktige er likevel at kunsten no har funne ein stad. Lett tilgjengeleg for mange. Så er det vel også slik med kunst at den skal krysse grenser, di fleire den kryssar, di meir omtykt blir den vel. Vår eigen ordførar var inne på det i si helsing. Ho sa samstundes at vi ser fram til å feire kunstnaren sin 85-årsdag seinare i haust. Det skal bli ei flott markering av både kunsten og kunstnaren. I tillegg lanserte ordføraren ei skikkeleg overrasking når den tid kjem.I dag gratulerer vi Oddvar, Fosse og Kalvåg med det nye galleriet.

Sunnfjord utvikling si rolle og framtid

Logo Sunnfjord utvikling - Klikk for stort bilete

Førre måndag var det både styremøte og ein arbeidsverkstad i Sunnfjord Utvikling, næringsselskapet vårt. Selskapet står overfor nokre strategiske val også kommunen må ta stilling til. Det handlar blant anna om kven som skal vere på eigarsida. Opphavleg var selskapet Førde, Gaular, Jølster og Naustdal sitt felles selskap. Altså eit interkommunalt samarbeid. Etter samanslåinga vart dette Sunnfjord kommune sitt selskap. Private aktørar eig vel 40 % av selskapet. I fjor kom ein PWC-rapport som peika på at ei utvikling av næringslivet må sjå nedslagsfeltet i ein større samanheng. I næringslivet sitt søk etter utvikling og nye kundar er ikkje kommunegrensene styrande. Med utvikling på infrastruktur og betre samferdsle er bu- og arbeidsområdet vårt vorten større.

Kva betyr dette for utvikling og drift av selskapet? Nedslagsfeltet til Sunnfjord Utvikling AS er større no enn då selskapet vart skipa. Kan vi opne for fleire eigarar? I tilfelle kven? Det er eit av spørsmåla eit nytt næringsutval må ta stilling til etter valet i haust. Kommunestyret avgjer til slutt.

På fagtur til Florø, Fjord Base AS og Kinn kommune

Bilde av tilsette på rådhuset, på besøk i Florø - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Onsdag var det nærare 20 tilsette på rådhuset i Førde som tok bussen til Florø. Det var leiargruppa, stabsleiarar, planleggarar og nokre andre. Målet med dagen var å orientere oss meir om kva som skjer i nærområdet og kanskje spesielt i nabokommunane.

Første stopp var Fjord Base der vi fekk synfare og god informasjon frå Havlandet AS. Dei driv med torskeoppdrett på land. Produktet dei sel vidare er setteklar torsk til oppdrettsanlegg i heile landet. Dei har utvikla produksjonen sin over 23 år, og det er først no dei verkeleg har eit produkt og ei verdikjede. Oppdrett av torsk har synt seg vanskeleg å få til, men Havlandet har no lukkast. Eivind Nordvik Hauge gav ei god innføring om både historia og situasjonen for selskapet i dag.

Deretter tok administrerande direktør Stig Førde i Fjord Base oss med på ei omvising av heile basen. Det er eit stort område med mange kaier, og eit viktig forsyningspunkt for mange av installasjonane i Nordsjøen. Dei leverer alt av materiell til operatørane ute i havet. Det mest iaugefallande er kanskje eit enormt lager med rør, men vi snakkar også om catering (matvarer), vatn, verktøy, reinhaldsartiklar og mykje meir. Basemiljøet har i tillegg utvikla eigen programvare (Saga Connect) som effektiviserer logistikken og får ned CO2-avtrykket. Dei har fått økonomisk stønad frå Kystverket til denne utviklinga. Etter ein lunsj på baseområdet gjekk turen til Florø sentrum og administrasjonen i Kinn kommune.

Der vart vi tatt i mot av kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen og rådgjevarane Anders Moen og Janne Midtbø. Øyvind orienterte om utviklinga i næringslivet på kysten generelt og i Kinn kommune spesielt. Det skjer også mykje i nabokommunen vår. Janne Midtbø orienterte om ei revidering av samfunnsplanen og fokuset kommunen har i høve dei demografiske utviklingstrekka. Også her mykje til felles med Sunnfjord kommune. Anders Moen informerte om korleis Kinn kommune vil bruke innbyggardialog på ein systematisk måte som del av grunnlaget for arbeidet med dei overordna planane.

Sunnfjord kommune på Kulturytring Drammen – Norges største arena for kulturpolitikk

Bilde av annsatte frå Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Fagleg påfyll og nettverksbygging sto i fokus då kommunalsjef og einingsleiarar for kultur- og idrettssektoren i Sunnfjord deltok på Kulturytring Drammen, Norges største arena for kulturpolitikk. Dei 150 programpostane ein kunne velje mellom spente vidt, frå tema som kulturnæring som stadsutviklar, revidert kulturlov, talentutvikling i kulturskulen, regjeringas frivilligstrategi, ordførardebattar og mykje meir.

Kommunalsjef Hilde Bjørkum leia panelsamtale om kulturen si rolle i oppvekstreforma for ein fullstappa sal i Drammens bibliotek. I panelet sat barnerettsjurist og fylkespolitikar Geir Kjell Andersland, avdelingsdirektør for oppvekst, kultur og utdanning i KS, Kristin Holm Jensen, kommunepolitikar frå Sogndal, Vibeke Johnsen og kommunedirektør i Time kommune, Trygve Apeland.

Korleis kultur- og idrettssektoren kan spele ei viktig rolle i arbeidet for eit godt og trygt oppvekstmiljø for alle barn og unge, og korleis vi kan jobbe på tvers av sektorar i kommunen og med frivilliglivet for å få dette til, var hovudfokus for samtalen.

Andersland trekte særleg fram at vi meir aktivt må bruke Artikkel 31 i FNs barnekonvensjon som Noreg har slutta seg til, i dette arbeidet. Den lyder slik:

  1. Partene anerkjenner barnets rett til hvile og fritid og til å delta i lek og fritidsaktiviteter som passer for barnets alder og til fritt å delta i kulturliv og kunstnerisk virksomhet.
  2. Partene skal respektere og fremme barnets rett til fullt ut å delta i det kulturelle og kunstneriske liv og skal oppmuntre tilgangen til egnede og like muligheter for kulturelle, kunstneriske, rekreasjons- og fritidsaktiviteter.

I dagens samfunn der forskjellane aukar og fleire opplever utanforskap av økonomiske, sosiale eller andre grunnar, er arbeidet med oppvekstreforma og like moglegheiter for barn og unge særs viktig framover.

Igjen, takk til alle frivillige!

Det går mot sommar og eg unner alle feriedagane. Også du som frivillig.

Mange frivillige gjer ein stor innsats i kommunen vår. Organisasjonar og einskilde gjer kvardagen trivelegare for mange, på omsorgssentera og overfor heimebuande. Også som støttekontaktar, leseven og turkamerat.

Du steller i stand møteplassar, aktivitetar og sørger for gode fellesskap i byen og rundt om i grendene. For nokon kan det vere dagens høgdepunkt når du bring måltidet heim på døra. Andre kjem frå krigsramma områder og møter fine bustadar som frivillige har innreia – noko som står i stor kontrast til kva dei har flykta frå.

Det er nærast umogleg å nemne alt som vert gjort av frivillige. Du gjer noko ekstra for mange. Men, det er ikkje umogleg å takke. Som kommunedirektør i Sunnfjord kommune takkar eg deg med dei same orda eg vil bruke til dei tilsette i kommunen. Ei stor takk! Gå rakrygga!

Det vert spennande i neste veke når prosjekt Småjobb startar opp, allereie no har ungdommar meldt seg som småjobbarar (per i dag 7 ungdommar), her er artikkelen om småjobb.

Blir du med på Laksen-dugnad?

Bilde av laksenentusiast Hans Jakob Reite og Ingebjørg Erikstad på Laksendugnad i 2022 - Klikk for stort bilete Hilde Bjørkum

Måndag 3. juli klokka 18.00 inviterer vi til Laksen-dugnad!

Den 65 m lange skulpturen «Laksen» som ligg på Festplassen i Førde, er eit av Noregs største landskapskunstverk, laga av kunstnaren Jørn Rønnau saman med mange små og store Førdefolk i samband med Miljøkunstveka i 1989.

Skulpturen treng jamnleg vedlikehald, og kommunen inviterer no til dugnad for å få Laksen fin og presentabel før storinnrykk av besøkande til Førdefestivalen og andre arrangement i sommar. Her kan alle vere med, ta med enkel hagereiskap og godt humør, så går jobben fort.

Saman blir vi drivande gode!

Er du 75 år og ønskjer eit førebyggande heimebesøk?

Sunnfjord har sidan 2020 gjennomført over 300 førebyggande heimebesøk. Alle som fyller 75 år i inneverande kalenderår får informasjonsbrev med dette tilbodet. Målet er å vere til hjelp slik at alle kan leve gode liv i eigen heim, og ha gode kvardagsliv også når ein vert eldre. Det er sjukepleiar og fysioterapeut eller ergoterapeut, som i samtale med deg kan komme med råd og tips som kan kome til nytte for ein best mogleg alderdom.  Du kan lese meir på heimesida vår.

Vi betaler tilbake noko av gebyra du har betalt

Skatteetaten har endra praksis knytt til avgiftsbehandling av kommunale gebyr for feiing og tilsyn av fyringsanlegg. Sunnfjord kommune har bestemt at vi betaler tilbake den meirverdiavgifta som du har betalt på gebyr for feiing og branntilsyn frå 1. januar 2023. Tilbakebetalinga blir gjort på fakturaen din for 3. kvartal 2023. 

God sommar!

Dette er siste Nytt frå kommunedirektøren før sommarferien. Neste nyhendebrev kjem i midten av august. Eg vil nytte høve til å ønskje alle tilsette og folkevalde ein velfortent ferie og god sommar!

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

 

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør


 

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66