Nytt frå kommunedirektøren 3. november 2023

Denne veka har vi hatt besøk av forsknings- og høyere utdanningsminister, Sandra Borch og vi har feira bursdagen til Oddvar Torsheim. Søndag var det korkavalkade med over 200 songarar. Vi gratulerer Jenny Følling som leiar av Region fjordane. Sunnfjord er partnar i spanande forsking. Folkehelse instituttet rådar personar i risikogruppa til å ta influensavaksine.

Statsråd på rådhuset

Statsråd, ordførarar og varaordførar - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Forsknings- og høyere utdanningsminister Sandra Borch frå Senterpartiet var på besøk i Sunnfjord kommune 31. oktober og 1. november. 
Ho besøkte Campus Verftet, Høgskulen på Vestlandet, Fagskulen på Vestlandet og avslutta på Sunnfjord rådhus.

Tema var kompetansebehov, søkartal, rekruttering av studentar, grøn omstilling i byggenæringa, nasjonalt senter for yrkesfag og samarbeid med næringslivet. 

Ho fekk demonstrasjon av utstyr på Campus Verftet og fekk høyre om det gode samarbeidet mellom næringslivet, høgare utdanning og det offentlege i Sunnfjord. 
Ho takka varmt for besøket, sjølv om bilde viser ein kald men nydeleg haustdag i Sunnfjord.  

Sunnfjord er partnar i spanande forsking 

SEMPER: Self-Efficacy in Matematics, Pathways in Education Research, undersøker elevane sine individuelle læringsprosessar i matematikk og effekten av intervensjon for profesjonell utvikling på læraren sin tilpassa undervisning og elevane si utvikling i matematikk.
 
SEMPER er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen Vestland, Sunnfjord kommune og forskarar ved universitetet i  Oxford og Stavanger.  Det er eit svært spennande og viktig prosjekt som skal forske på kvifor enkelte elevar har låge forventningar til seg sjølv i matematikk. Gjennom prosjektet skal forskarane finne ut korleis lærarane kan tilpasse undervisninga, slik at elevane får trua på seg sjølv i faget. 

Desse er deltakande i prosjektet: Førde ungdomsskule, Halbrend skule, Sande skule, Naustdal skule, Viksdalen skule og PPT.
 
Den 26.-27. oktober deltok lærarar og skuleleiarar på SEMPER start seminar i Sogndal. 
 

Vaksinering

Hausten er over oss, og med det kjem den årlege oppmodinga om å ta influensavaksine. FHI tilrår vaksina til dei som er i risikogrupper, og til personell i helse- og omsorgssektoren. 

Det er gode grunner for tilrådingane; influensavaksina er gamal og velprøvd, med låg risiko for biverknader. Den beskytter godt mot alvorleg sjukdom og død, noko som personar i risikogruppene er meir utsett for ved infeksjonen. Og ved å vaksinere seg, reduserer ein risiko for å overføre smitta til andre sårbare personar. 
Det siste punktet er viktig for alle som arbeider innan helse- og omsorg, både med direkte pasientkontakt, men og indirekte (reinhald, matlaging, vedlikehald mm). Dei svakaste av innbyggarane er diverre dei som er mest utsette for alvorlege konsekvensar av sjukdomen, samstundes som dei grunna svekka allmenntilstand har eit immunsystem som i dårlegare grad greier å nyttegjere seg vaksina. Då er det viktig at dei som er rundt pasienten ikkje utgjer ein større smitterisiko enn naudsynt. 

Mange lurer på om ein treng å ta den same vaksina haust etter haust. Grunna at influensaviruset stadige endrar seg, vert og vaksina endra frå år til år. Det er mange ulike virus-stammer som sirkulerer. På bakgrunn av global kunnskap om utviklinga vert vaksina endra for kvar haust. Vaksina i år er difor ikkje den same som i fjor, og fjorårets vaksine gjev mindre beskyttelse mot årets influensastammer. 

Når det gjeld covid-vaksina, er ikkje tilrådingane heilt dei same som for influensavaksine. Her ser ein liten nytte i å vaksinere alle tilsette. Men om ein er del av ein av dei definerte risikogruppene er det god dokumentasjon for at det er fornuftig å ta eit påfyll med vaksine no i haust. 

Det er massevaksinasjon på Førdehuset tysdag 7. november frå kl 15:30. Tilsette som treng vaksine grunna arbeidsforhold i helse og omsorg kan kontakte eigen einingsleiar for vaksinasjon på arbeidsstaden. 


Jenny Følling ny leiar i Region fjordane

Tysdag denne veka var det konstituerande møte i Fjordane interkommunalt politisk råd.  Til dagleg seier vi Region fjordane. Der vert Jenny Følling vald til leiar av rådet.  Ordførar i Stad kommune Sigurd Reknes vart vald til nestleiar.  

Det er ti kommunar med i rådet.  Stad, Stryn, Gloppen. Kinn, Sunnfjord, Hyllestad , Fjaler, Askvoll, Solund, og Høyanger.  Rådet kan spele ei viktig rolle i saker desse kommunane har felles interesse av.  

Dei har til dømes kome med uttale som støttar Kinn kommune sitt arbeid for å få vere vertskommune for eit nasjonalt småbåtregister.  I møtet denne veka uttalte dei seg positivt om arbeidet med etableringa av Fjordkysten regional- og geopark og at dei kjem inn i Unesco sitt system for slike anlegg.

Det er greitt å vere klar over at Region fjordane faktisk representerer ein stor majoritet av innbyggarane i tidlegare Sogn og Fjordane.  I Vestland fylke representerer rådet om lag ein fjerdedel av alle kommunane.  Det at kommunane då støttar kvarandre i arbeidet med ulike mål, kan difor vere eit viktig arbeid for å utvikle heile regionen vår.  

Oddvar Torsheim – for ein fest!

Oddvar Torsheim - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

I går, torsdag 2. november feira vi Oddvar Torsheim sin 85-årsdag.  For ein fest det vart.  No har både Firda og NRK hatt god og brei dekking av sjølve arrangementet.  For Sunnfjord som heimkommune og vert for arrangementet må vi likevel ha lov til å seie at det vart ein flott og verdig fest.  Også filmen med Oddvar i hovudrolla vart godt mottatt.

Det var jo mange helsingar til jubilanten i løpet av dagen.  Eg har lyst til å dele ei av dei med dykk.  I samband med jubileet har Kunstmuseet også hatt ei eiga utstilling der det har vore mange skuleklassar på besøk.  Der har elevane også hatt høve til å både teikne og lage sine eigne Torsheim-strekar.  I går på sjølve dagen var det over 60 elevar samla på museet.  Denne veka har også Oddvar dagleg vore innom museet.  Det fortalde også avdelingsdirektør Mayra Henriquez på museet til elevane.  Det gjorde jo til at dei vart forventingsfulle og soleis håpa at Oddvar ville kome medan dei var der.  

Men, økta gjekk mot slutten, og elevane budde seg på å gå tilbake til skulen.  I det dei er i ferd med kle på seg, såg dei ein mann i svart og raudt kome gåande på fortauet mot museet.  Ungane storma ut, lagde kringvern rundt Oddvar og gratulerte han med dagen.  Ein av elevane byrja lågmælt å synge Happy Birthday,og brått stod 60 born og song for full hals til Oddvar. Vaksne som var til stades og såg hendinga, fortel om ei kjensleladd oppleving. Også for Oddvar.

På vegner av Sunnfjord kommune vil eg takke alle som gjorde sitt til at dette vart ei flott markering overfor 85-årsjubilanten Oddvar Torsheim.

Korkavalkaden 2023

Stort kor - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

For oss som likar korsong var sist søndag ein festdag.  Då samla korkavalkaden over 200 songarar i Førdehuset.  Alle vaksenkora i Sunnfjord kommune var samla på ei scene for første gong. 

For mange år sidan mens eg arbeidde på Bergenhus festning i Bergen song eg i kor.  Då opplevde eg kva korsong og samhandling med musikk kan bety for eige velvære.  Eg kjenner meg att i musikkprofessor Robert Levin sine ord om song og musikk.  Han sa; musikken er vår leire.  Det er den vi skal arbeide med.

Korkavalkaden 2023 vart eit flott arrangement ! Stor applaus til arrangør, koristar og dirigentar i dei 9 kora.

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje.  Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66